Forskningsmetode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei innføring i kvalitative og kvantitative forskingsdesign- og metodar. Kunnskapen skal gi studentane eit grunnlag for å lese, vurdere og analysere forskings- og faglitteratur.

Innhald:

Emnet dekkjer kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar. Innan kvalitativ forsking vil følgande forskingsdesign bli diskutert: semistrukturerte intervju, fokusgruppeintervju, observasjonsstudiar og dokumentanalyse. Kvantitativ forsking dekker observasjonsstudiar og eksperimentelle studiar og de mest vanlege studiedesign som faller inn under disse hovudgruppene (tverrsnitt, cohort, case-control, randomiserte kontrollerte (RCT) og kvasieksperimentelle design). I tillegg blir det gjeve ei grunnleggande innføring i vanlege statistiske omgrep og analysemetodar. Grunnlagstenking i kvantitativ og kvalitativ forsking vert reist.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjene læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • grunnleggande kunnskap om forholdet mellom forskingsspørsmål, forskingsdesign- og metodar
  • grunnleggande kunnskap innan kvalitative og kvantitative forskingsdesign
  • grunnleggande kunnskap om kjernespørsmål knytt til gyldigheit i kvalitative og kvantitative forskingsdesign

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • vurdere relevante forskingsdesign- og metodar i høve til aktuelle forskingsspørsmål
  • gjere greie for overordna kvalitetskriterier i evaluering av kvalitativ og kvantitativ forsking
  • gjere greie for vanlege deskriptive statistiske mål og prinsipp for hypotesetesting og generalisering

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vurdere samanhengen mellom eit forskingsspørsmål og eit eigna forskingsdesign
  • analysere vitskapelege artiklar med ulike typar forskingsdesign med omsyn til relevante kvalitetskriterier

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

HELSAM303 overlapper med:

  • HEL320 (5 sp)
  • HEL320A (5 sp)
Krav til studierett
Studierett på masterprogram helse og samfunn.
Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:

  • Førelesningar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium
  • Fleirvalstest

Det er forventa at alle studentar møter opp og deltek aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eiga læring og for å bidra til gruppa sitt læringsmiljø.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Oppgåveinnlevering
  • Skriftleg tilbakemelding på medstudent sin oppgåve
  • Munnleg gruppepresentasjon

Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige tre semester.

Vurderingsformer
  • Skriftleg oppgåveinnlevering, beståande av:

- Individuell innlevering av gruppeoppgåve

- Individuelt refleksjonsnotat

Karakterskala
Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista er i Leganto
Emneevaluering
Emnet blir evaluert etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringar blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarleg
Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.