Kvantitative forskningsmetodar og -tradisjonar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HELSAM305
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studentane skal gjennom emnet få inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking. Kunnskapen skal danne grunnlag for val av forskingsdesign og metode som er egna til forskingsspørsmålet i masteroppgåva. Emnet skal bidra til utvikling av ein analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metode og metodebruk.
Innhald:
Emnet dekkjer forskingsmetodiske tilnærmingar i observasjonsstudier og eksperimentelle studier samt statistikk, og kva for studiedesign som er egna til å svare på ulike forskingsspørsmål. Studentane skal lære om kjenneteikn, styrker og svakheiter ved dei ulike studiedesigna og kva for assosiasjonsmål som vert brukt. I tillegg skal emnet gi kunnskap om grunnleggande omgrep som validitet og reliabilitet innan vitskaplege metodar og forholdet mellom kausale og statistiske assosiasjonar.
Studentane skal vidare lære om metodar for å skildre eit datasett gjennom tabellar, grafar og oppsummerande statistikk; normalfordeling og binomisk fordeling; utval og populasjon; hypotesetesting, p-verdi og konfidensinterval og statistisk styrke og utvalsstorleik.
Statistikk-delen av HELSAM305 gjennomførast ved å følgje all undervisning og obligatorisk aktivitet i MEDSTA.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsdesign og metodar, og kva for type kunnskap desse er eigna til å bringe fram
- inngåande kunnskap om ulike former for bias som begrensar studiars validitet og reliabilitet
Ferdigheiter
Studenten kan:
- utforme, grunngi og kritisk vurdere kvantitative forskingsdesign i høve til aktuelle problemstillingar
- orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande forsking
- utføre og tolke statistiske analyser
- vise at ein forstår føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test
Generell kompetanse
Studenten kan:
- reflektere over metodebruk
- sjølvstendig nytte sine kunnskapar om metodiske framgangsmåtar i planlegging og gjennomføring av kvantitative forskingsprosjekt
- vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskapsproduksjonen
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
- Seminar
- Gruppearbeid
- Sjølvstudium
Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Innlevering av skriftleg utkast til prosjektplan
- Skriftleg tilbakemelding til medstudent(er)
- Deltaking på seminar
- Munnlege presentasjonar av prosjektplan
- Gjennomføre digitalt kurs om personvern
Statistikk:
- Innlevering av statistikkoppgåver
- MCQ (statistikk)
Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i tre semester.
Vurderingsformer
- Skriftleg individuell oppgåve (60%)
- Fleirvalsoppgåver i statistikk (40%)