Den akademiske prosessen: frå idé til presentasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi studentane ferdigheiter og generell kompetanse om forskningsprosessen frå ide og utvikling til presentasjon av masterprosjekt. Målet er å styrke kritisk refleksjon omkring dei ulike trinna i ein forskninsgsprosess ved at studentene utveklsar erfaringar og bidreg med konstruktiv kritikk av kvarandre sine arbeid. Emnet blir undervist over fire semester (for heiltidsstudentar) eller åtte semester (for deltidstudentar).

Innhold

Åtte seminar med følgjande tematikk (kronologisk rekkefølge):

  • Akademisk skriving
  • Problemstilling
  • REK og Rette, (rammer, reglar og erfaringar)
  • Metode
  • Resultat og diskusjon
  • Innleiing
  • Abstrakt og tittel
  • Presentasjonsteknikk/formidling

Ein seminardag

  • Andreårsstudentane presenterer masterprosjekta sine for førsteårsstudentane.

Studentkonferanse

  • Studentane presenter dei ferdigstilte masteroppgåvene sine, eller dei planlagte masterprosjekta sine, for andre studentar, stab, representantar frå arbeidsliv og representantar frå akademia. I forkant av konferansen skal alle studentane ha delteke aktivt på ein undervisningsdag i presentasjonsteknikk.

Presentasjon i forskningsgruppe

  • Studentane gjev i løpet av studieløpet to presentasjonar av masterprosjektet sitt i den forskningsgruppa som dei høyrer til i.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har inngåande brei kunnskap om

  • nøkkelterminologi i sitt eige felt
  • dei ulike trinna i ein forskningsprosess

Ferdigheiter

Studenten kan

  • formidle nøkkelterminologi i sitt eige felt til eit akademisk og allment publikum
  • kritisk reflektere og gje konstruktive innspel til medstudentar sine presentasjonar av eigne masterprosjekt.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle sitt eige masterprosjekt på ein strukturert og tydeleg måte.
  • kommunisere målsetning, metode og resultat av masterprosjektet til eit akademisk og allment publikum.
  • reflektere overordna omkring dei ulike delene av ein forskningsprosess, inkludert styrkar og avgrensingar knytt til eige - og medstudenter sine masterprosjekt.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst/vår. Emnet blir undervist over fire semester (heiltid) eller åtte semester (deltid)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studierett på masterprogram i helse og samfunn. Studentar ved andre masterprogram kan søke om plass ved å kontakte studie.igs@uib.no.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, forskningsgruppemøter og studentkonferanse.

Muntlege presentasjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på seminar, inkludert presentasjon av eige prosjekt
  • 1.og 3. semester: Seminardag der 2. års studentar presenterer prosjekt for 1. års studentar. 1. års studentane skriv eit notat på bakgrunn av presentasjonane som dei diskuterer i grupper med medstudentar
  • Deltaking på studentkonferanse med enten:

1. presentasjon av eige prosjekt, lage abstrakt/poster, delta på dag om presentasjonsteknikkar

2. delta i arrangement av konferansen, førebuing - lese og vurdere innsendte abstrakt, Førebu spørsmål til minimum to presentasjonar, skrive notat etter presentasjonar på konferansen. Delta i evaluering av konferanse

  • Presentasjon av eige prosjekt (2 gonger) for forskningsgruppe.
Vurderingsformer
Skriftleg individuelt refleksjonsnotat
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Der det førekjem litteraturliste er denne i Leganto
Emneevaluering
Emnet blir evaluert etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet.
Programansvarleg
Programutvalget for master i helsefag
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin