Podkast, dokumentar og historieforteljing
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JOU103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å føre dei metodiske, analytiske og teknologiske perspektiva frå JOU102 vidare. Omdreiingspunkt for utforskinga er no særleg dokumentar på ulike plattformar. Journalistikken sine former opnar for analytisk djupnekunnskap, profesjonsretta refleksjon og praktisk trening i journalistisk historiefortelling i både tekst, lyd, stillbilde og video. Det blir lagt særleg vekt på å utvikle vidare innsikt i samspelet mellom ulike mediale uttrykk.
Modul 1 er ein opningsworkshop som gir grunnleggande innsikter i dramaturgi, framdrift, verkemiddel, fortellingsperspektiv. Den kan til dømes vere basert på lyd (podkast), men også andre plattformer kan vera aktuelle.
Modul 2 gir grunnleggande innsikt i sentrale element ved reportasje/dokumentar som sjanger, uavhengig av plattform. Gjennom ein serie seminar og workshops blir det arbeidd med ulike forteljande tilnærmingar og korleis dei kan optimaliserast gjennom ulike verkemiddel på den einskilde plattforma. Innsikt i aspekt ved nærleik til miljø, personar og prosessar står sentralt. Studenten gjer oppgåver knytte til workshops om dokumentaren sine former. Etiske refleksjonar og dilemma er ein integrert del av modulen.
Modul 3 gir høve til spesialisering i dokumentar på valfri plattform. Avhengig av lærekrefter og aktuelle tema i samfunnsdebatten, vil ein i denne modulen gå djupare inn i aspekt ved til dømes kriminaljournalistikk, helse, økonomi, sport, kultur, innovasjon, miljø eller kjønn.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta enme ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike former for reportasje/dokumentar der spesielle verkemiddel på dei einskilde plattformene blir brukte
- har god innsikt i grunnleggande prinsipp for historiefortelling
Ferdigheiter:
Studenten
- demonstrerer kompetanse på dokumentariske tilnærmingar innafor eit nærmare spesifisert felt av journalistikken
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i og kan reflektere rundt etiske retningslinjer og dilemma knytt til teknologiforståing og oppøving av digitale ferdigheiter innan journalistikk
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innafor fagområdet journalistikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- All undervisning er obligatorisk og inkluderer deltaking i førelesing og workshops
- Obligatoriske oppgåver
Studentane vil få meir informasjon om obligatoriske aktivitetar ved semesterstart.
Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamensoppgåve: reportasje og metoderapport
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.