Introduksjon til manusutvikling for seriar
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MAN301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ei detaljert innføring i dei sentrale komponentane i manushandverket gjennom undervisning om, og analysar av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript. Desse innsiktene og ferdigheitene skal så omsetjast i, og videreutviklast gjennom, eiga skriving.
Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av følgande element:
Konseptet, kjernen og drivkrafta i forteljinga:
Studenten utviklar si evne til å finne og spisse ideen til ein serie, og lærer om tematikk og undertekst.
Dramatisk struktur:
Studenten utviklar kunnskap og medvit om korleis eit manus er bygd opp og strukturert, og tileignar seg omgrepsapparat og terminologiar knytt til manusskriving (akter, vendepunkt, osb.). Hovudvekta ligg på fiksjon, men dokumentariske seriar blir også tematiserte.
Scena:
Studenten lærer korleis scener er oppbygde, og kva for funksjonar dei ulike scenene i eit manus kan ha.
Karakterutvikling:
Studenten lærer om utforming av karakterar, deira psykologiske utrustning og motivasjon i ulike format, sjangrar og samanhengar.
Arbeidsmetodar:
Studenten får innføring i dei ulike stadiene i utvikling av eit seriekonsept, frå idé til ferdig manus.
Sjølv om undervisinga er strukturert rundt ulike tema, vil dei i praksis i stor grad gripe inn i kvarandre, og peike fram mot tema som blir behandla meir inngåande andre semester.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap og ferdigheiter
Studenten
- har kunnskap om og ferdigheiter i å utvikle og spisse ideen til eit seriekonsept
- har kunnskap om dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar for ulike typar serieformat
- har kunnskap om skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm, som kviler på analytisk og handverksmessig forståing av dei ulike produksjonane sine estetiske moglegheiter og avgrensingar
- har kunnskap om og ferdigheiter innan skriving av enkeltscener
- har kunnskap om og ferdigheiter innan skriving av eksposisjon
- har kunnskap om og ferdigheiter innan karakterteikning og karakterutvikling. Studenten veit til dømes skilnaden på flate og runde karakterar, og på plottdrivne og karakterdrivne forteljingar. Studenten kan vidare relatere omgrepa til eigen praksis og reflektere kritisk rundt funksjonen av ulike strategiar og konvensjonar for karakterteikning og karakterutvikling
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar knytte til manusutvikling
- kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine innan manusutvikling på nye tema og plattformer for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar uttrykksformene innan fagområdet
- kan bidra til nytenking om manusutvikling og sentrale komponentar i manushandverket
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan manusutvikling, både med spesialistar og til ålmenta
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal gjennomføre 3-5 obligatoriske manusøvingar i emnet. Antal, innhald og omfang vert spesifisert av faglærar ved semesterstart. Ei av skriveøvingane vil kunne realiserast av førsteårsstudentane ved BA-programmet i TV-produksjon.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:
- Prosjektskisse innehaldande:
- Forside med informasjon om sjanger, lengde, format og tagline og/eller logline
- Pitch på maksimalt 1 side
- Forfattarnotat, ein kortfatta tekst frå manusforfattar der element som tematikk, stil, tone og bakgrunn for serien blir løfta fram
- Karakterskisser (omfang maksimalt 1/2 side per karakter)
- Outline til heile serien som inneheld dei viktigaste linjene (omfang maksimalt 1 side per episode)
- refleksjonsnotat om arbeidet (2500 ord, pluss/minus 10%)
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.