Gravejournalistikken sitt grunnlag
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- UJO301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er å etablere eit historisk, teoretisk, etisk og praktisk grunnlag for ei praktisk og teoretisk fordjupning i undersøkande journalistikk. Undersøkande journalistikk blir plassert inn i fagets samanheng. Samtidig blir dette gjort aktuelt gjennom drøfting av aktuelle døme på gravejournalistisk verksemd. Det blir lagt vekt på utforsking av publiserte og omdiskuterte grave-case samt tett samarbeid med undersøkande journalistikkmiljø. Emnet skal vidare bidra til oversikt og innsikt i relevante samfunnsinstitusjonar sine operative roller, i tillegg til dei rammefaktorane som bidreg til å setje premiss for undersøkande journalistikk. Emnet gir ein første oversikt i relevante metodar. Særleg vil det bli vektlagt oversikt innan datajournalistikk. Emnet blir innleia med ein workshopserie der studentane arbeider med akademisk skriving, bibliotekressursar og fagleg integritet.
Modul 1 drøftar historisk og samtidig plassering av den undersøkande journalistikk. Det blir gitt oversikt og innsikt i institusjonar som samfunnsaktørar, og relevante rammevilkår innanfor etikk og jus, ikkje minst innsyn og offentleghetslov, blir løfta fram og drøfta. Gjennom workshops får studentane høve til å bryne argument og også praktisk trening når dei arbeider med ulike former for oppgåveløysing.
Modul 2 fokuserer på analyse og diskusjon av case i undersøkande journalistikk der reporterane har utmerka seg med spesielt interessante metodetilnærmingar eller resultat som har fått store konsekvensar og ført til handfaste endringar i samfunnet. Problematiske og omdiskuterte case vil også bli ettergått i konstruktivt lys. Her vil det bli arbeidd spesielt tett med gjestelærarar frå bransjen og frå ulike samfunnsinstitusjonar. Aktuelle tema kan hentast frå for eksempel helsejournalistikk, økonomijournalistikk, sportsjournalistikk, miljøjournalistikk eller kulturjournalistikk. Modulen kan også innehalda praktiske skriveøvingar inn mot Bymag-plattformen.
Modul 3 har eit eksplisitt fokus på bruk av nye teknologiar i undersøkande journalistikk, som kunstig intelligens, mobilteknologiar og osint-ressursar. I modulen får studentane ei første innføring i statistikk, og blir også kjente med arbeidsmetodane til teknologiske utviklarar i mediehusa. Teoretiske perspektiv på fenomen som visuell desinformasjon og overvakingskapitalisme blir løfta fram og diskutert i lys av gravejournalistiske prosjekt. Ein eigen workshop blir via GDPR og lagring og sikring av datamateriale. Modulen førebur studentane fagleg og etisk på den meir konkrete, praktisk-refleksive treninga i datajournalistikk som følgjer i vårsemesteret.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- kan forklare, diskutere og kritisk evaluere aktørrolla til sentrale norske samfunnsinstitusjonar
- kan forklare, diskutere og kritisk evaluere tema som handlar om offentlegheitslov, personvern og etiske retningsliner i undersøkande journalistikk
Dugleik:
Studenten
- kan analysere og kjenne att sterke og svake sider ved metodar og data brukt i ulike former for undersøkande journalistikk
- kan gjere bruk av datajournalistiske verktøy og andre former for ny teknologi i sjølvstendige graveprosjekt, og reflektere vitskapleg over desse tilnærmingane
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan feltet undersøkande journalistikk
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet undersøkande journalistikk, både med spesialistar og eit allment publikum
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk, og inkluderer blant anna:
- Deltaking i workshops og øvrig undervisning
- Innlevering og godkjenning av oppgåver i samband med workshops
- Gruppeprosjekt
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Heimeeksamen som går over tre (3) dagar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studierettleiar.mcb@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.