Hjem

Fransk

Hovedinnhold

Le Grand Palais depuis le pont Alexandre III

Å studere fransk gir meir enn berre språket; det er ein inngang til ein kultur og ein historie som har påverka styresett og tankegods i heile verda.

Gjennom studiet av språket får ein innblikk i eit kulturelt og geografisk mangfold, og ein litteratur prega av opprør og tradisjon, rasjonalisme og lidenskap, individualisme og universelt engasjement.


Fagkoordinator: Øyvind Gjerstad

Studiekonsulent: Gita Rongevær

Eksamenskonsulent: Turid Daae

Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til ulike tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet. Av forskningsfelta på franskseksjonen finn ein tema som vitskapeleg språkbruk, møtet mellom naturvitskap og litteratur, romanteori, leksikologi og identitetsproduksjon i Karibia. Gode kunnskapar i fransk språk, litteratur og kultur er etterspurde i mange yrkessamanhengar både nasjonalt og internasjonalt, innan for skule og utdanning, næringsliv, informasjonsarbeid, media, oversetting og kulturliv.

utveksling
Tre studenter sitter på fortauskanten i en gate i Frankrike

Fem gode grunner for å reise på utveksling

Som franskstudent er det å dra på utveksling en gyllen mulighet til å praktisere språket du studerer samtidig som du lærer den frankofone kulturen bedre å kjenne.

video
Om å studere fransk ved UiB

Kryss grenser med fransk

Er du interessert i språk, litteratur, politikk og samfunn? Gjennom denne videoen får du et innblikk i hva du lærer på franskstudiet.
Kurs i Caen
Ung kvinne med Caen by i bakgrunnen

Lærte mye fransk på kort tid

Karine Holthe Børstad forteller litt om sine erfaringer