
Kontakt
Fagleg ansvarleg
Ragnhild Lie Anderson
Ragnhild.Anderson@uib.no
Studierettleiar
Veronica Christensen
studierettleiar@lle.uib.no
Ansatte ved nordisk fagdidaktikk
Fagdidaktikk i nordisk er knytt til dei etablerte fagdisiplinane i nordistikken - nordisk språk, nordisk litteratur, norsk som andrespråk og norrøn filologi. I tillegg er fagdidaktikken i slekt med pedagogikken som del av profesjonsfaget i lektorutdanning og PPU. Samtidig utgjer fagdidaktikken eit eige kunnskapsfelt. Forsking og undervisning i fagdidaktikk tek såleis utgangspunkt i konkrete problemstillingar som er heimla i fagleg praksis, meir enn å opptre som "bru" mellom fagkunnskap og pedagogisk teori.
På sida "Kva er fagdidaktikk?" finn du meir informasjon om omgrepet.
Masterstudentar er velkomne til å skrive ei fagdidaktisk masteroppgåve. Det vil verte gjeve personleg rettleiing undervegs i arbeidet.