Kontakt
Fagkoordinator
Carl Anders Börstell
Carl.Borstell@uib.no
Studierettleiar
Lene Tøftestuen
studieveileder.lle@uib.no
Språkvitskap handlar om spørsmål som har med menneskeleg språk å gjere. Du får ei innføring i omgrep for å beskrive ulike språk, innføring i eit språk som står fjernt frå norsk, lære om samanhengen mellom språk og menneskeleg forståing og tenking, og ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk med ei datamaskin.
Visste du at ...
Litt avhengig av korleis du tel, er det omlag 6000 språk i verda. Omlag 1500 av desse språka finst konsentrert på Papua New Guinea og i Indonesia.
Heile 96 prosent av språka i verda blir snakka av berre 4 prosent av verdas folk. Grovt rekna døyr 25 språk ut kvart år. Det er ikkje berre ord som forsvinn når eit språk døyr, men ein heil måte å sjå og forstå natur og kultur på.