Hjem

Teatervitenskap

Hovedinnhold

Illustrasjonsbilde teatervitenskap

Teatervitskap er eit relativt ungt akademisk fag. Medan det som er teatervitskapen sitt fagfelt, teater i all sitt mangfold, har lange og sterke tradisjonar. Og frå langt attende i den europeiske historien har humanistar og akademikare engasjert seg både teoretisk og praktisk i teater. Teaterhistorie er eit grunnleggjande fagområde i teatervitskapen. Dessutan arbeider ein innan teatervitskap med estetiske teoriar og ulike analysemåtar av teaterframsyningar, dramaturgi, skodespelarkunst og regikunst.

Teatervitskap inneber engasjement i samtidas teater, lokalt og internasjonalt. Som teaterforskar og som student ved teatervitskap er det naturleg og naudsynt å vere fortruleg med mange ulike teateruttrykk og teaterformer. Teaterbesøk, studieturer, møter med teaterutøvarar og praktisk deltaking i teaterproduksjon inngår difor i eit teatervitskapleg studium.

Forskinga ved teatervitskap tek utgangspunkt i historiografiske perspektiv og teaterestetisk teoridanning i både historiske og samtidige teaterformer.

Aktuelle forskingsfelt er dramaturgi og teaterhistorie, norsk teaterhistorie og Henrik Ibsen, fantasi og forestillingsevne, transnasjonalt teater, digital teatervitskap, retorikk, teaterkritikk og teatrets rolle i offentlegheita.

Teaterarkivet

Eit arkiv ved instituttet med mange skjulte skattar i form av teaterprogram, plakatar, korrespondanse, notar, manuskript, bilete, scenografi- og kostymeskisser og mykje meir. Arkivet rommar mellom anna store samlingar frå Ibsen, Bjørnson og Nordahl Grieg.