Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Hydrotermale eksperiment

Hovedinnhold

Geokjemien av hydrotermale væsker og avsetningar er i stor grad kontrollert av prosessar som er aktive under havbotn, slik som utluting frå omkringliggande bergartar, koking og red-oks reaksjonar ved høge temperaturar. Å studera slike prosessar krev simuleringar av hydrotermale forhold i eit laboratorium for å betre kunne forstå kva som skjer i djupet.

Vår grupper bruker temperatur og trykk reaktorar for å studera både uorganiske og organiske reaksjonar i hydrotermale system. Me undersøkjer oppførsel til stabile isotopar av metall (Fe, Cu, Zn) i hydrotermale reaksjonar for å auke vår forståing av malm dannande prosessar, og me studerer hydrotermal danning av mindre organiske forbindelsar som kan være drivstoff for den djupe biosfære. Arbeidet bruker analytiske fasilitetar i ICP laboratorium, «Clean lab» og Biogeokjemi laboratoriet, som er ein del av «Bergen Geoanalytical Facility.  

Forskinga vært utført under Arbeidspakke 4 under K.G. Jebsen-senter for Dyphavsforskning «Hydrotermale reaksjoner».