Lov og kultur i det førmoderne nord
Forskargruppeleiar er Helen F. Leslie-Jacobsen
Leiargruppe
Leiargruppa for forskargruppa er:
- Helen F. Leslie-Jacobsen (Norrøn filologi)
- Julián E. Valle (Norrøn filologi)
- Miriam Conti (Norrøn filologi)
- Embla Aae (AHKR)
- Ciaran McDonough (History and Irish Studies, University of Iceland)
Om nokon ønskjer å bli med i forskargruppa er det berre å ta kontakt med Helen Leslie-Jacobsen (helen.leslie@uib.no) for å bli lagt til epostlista.
Lov og kultur i det førmoderne nord er ei tverrfagleg forskargruppe ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen. Medlemmene har ei felles interesse for utviklinga av rettslege og kulturelle praksisar knytt til dei historiske prosessane som gjekk føre seg i Nord-Europa (fastlands-Skandinavia så vel som øyane i Nord-Atlanteren), inkludert, men ikkje avgrensa til politiske, administrative, kulturelle og økonomiske fenomen, produksjon og spreiing av rettskodar, og samspelet mellom normdanning og statsdanning. Gruppa undersøkjer desse emna frå filologiske, historiske, juridiske og politiske perspektiv, og tek mål av seg til å utvikla eit meir nyansert bilete av samspelet mellom kulturelle og rettslege utviklingar i førmoderne tid.
Forskargruppa vert for tida driven av prosjektet Mellomalderlov i endring: nyvinningar og bruksmåtar i førmoderne norske lovhandskrift, med den målsettinga at gruppa skal fungera som ein paraply for prosjekt knytt til lov i mellomalderen og tidleg nytid ved Universitetet i Bergen og andre institusjonar.