Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Møte

Rafael Rosales La Torraca med presentasjon av sitt PhD-prosjekt

Den 23. september presenterte Rafael Rosales La Torraca, doktorgradskandidat ved Center for Climate and Energy Transformation (CET) og en del av CityFreight-prosjektet, sitt PhD-prosjekt for forskargruppa.

Hovedinnhold

Rafael sitt PhD-prosjekt er knytt til forskingsprosjektet "CityFreight: Freight logistics in sustainable cities". Prosjektet er leia av Noregs Handelshøgskule (NHH), og hovudføremålet er å gi offentlege styresmakter ein verktøykasse for korleis ein kan arbeide mot ein meir energieffektiv og bærekraftig godstransport, særleg i topologisk kompliserte byar som Bergen. Meir konkret undersøker Rafael korleis og i kva grad offentlege styresmakter kan og bør ta ei aktiv rolle i å styre den private godstransporten i ei meir miljøvenleg og bærekraftig retning, herunder ved transport av varer, tenester og avfall. 

Forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett si rolle i prosjektet er å bidra til å klargjere dei rettslege rammene for offentlege styresmakter si involvering i privat godstransport. Ein viktig del av prosjektet er å få ein oversikt over dei eksisterande rettslege rammeverka, identifisere moglege spenningar mellom desse og føreslåtte logistikkløysingar, og føreslå endringar som kan avdempe spenningane.