Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Møte

Charikleia Vlachou med seminar om rettsleg prøving av ACER-avgjersler

Den 14. oktober hadde Charikleia Vlachou, førelesar i energirett ved Universitetet i Kypros, eit seminar for forskargruppa om rettsleg prøving av ACER-avgjersler.

Agency for the cooperation of energy regulators (ACER)
Foto/ill.:
Agency for the cooperation of energy regulators (ACER)

Hovedinnhold

Tema

Temaet for seminaret var domstolskontrollen med avgjersler frå the Agency for the Cooperation of Energy Regulators (ACER). Meir konkret var problemstillinga i kva grad det todelte systemet med ACER´s klageorgan (Board of Appeal) som fyrste klageinstans og EU-domstolen som andre klageinstans sikrar ein effektiv domstolskontroll.

Ei avgrensa prøving av ei avgrensa prøving?

Spørsmålet er særleg interessant fordi ACER som EU-byrå er gitt avgrensa kompetanse av medlemsstatane, og hovudsakleg berre gir ut retningslinjer som ikkje er juridisk bindande ("soft law"). Følgjeleg manglar EU-domstolen kompetanse til å prøve dei fleste av ACER sine avgjersler, jf. artikkel 263 TEUF. Den kan berre utføre ein avgrensa gyldigheitskontroll når den gir ei førehandsavgjersle, jf. artikkel 267 TEUF.

Chara si forsking undersøker om ACER´s klageorgan også berre har ein slik avgrensa kompetanse til å kontrollere ACER sine avgjersler, tilsvarande EU-domstolen, eller om organet har full prøvingsrett. Dersom klageorganet berre kan gjennomføre ein avgrensa domstolskontroll av komplekse tekniske og økonomiske vurderingar, slik den har gjort i praksis, inneber dette at EU-domstolen som andre klageinstans utfører ei "avgrensa prøving av ei avgrensa prøving".

Komplekst spørsmål

Dette sikrar i så tilfelle verken ein effektiv domstolskontroll eller tilstrekkeleg rettstryggleik for dei som er påverka av ACER sine avgjersler, og utgjer difor eit argument mot at klageorganet berre har ein avgrensa prøvingsrett.

Temaet er komplekst, og gav grunnlag for ein god og interessant diskusjon i forskargruppa. Vi takkar Chara for at ho ville dele si spanande forsking med oss!