Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Nyhet

Ignacio Herrera Anchustegui med to presentasjonar på Offshore Technology Days (OTD)

Ignacio Herrera Anchustegui, leiar av forskargruppa, bidrog med to presentasjonar på den årlege konferansen Offshore Technology Days (OTD) som gjekk av stabelen 20. oktober i Stavanger.

OTD Energy 21
Foto/ill.:
OTD Energy 21

Hovedinnhold

Offshore Technology Days (OTD) vart etablert i 1999 av og for leverandørindustrien i offshorebransjen. Sidan har OTD utvikla seg til å bli den leiande møteplassen for norske selskap i olje, energi og offshorebransjen. 

Målet til OTD er å vere eit verktøy for norske leverandørar. Dette omfattar både å bygge nettverk mellom selskap, kople innkjøparar og leverandørar, etablere samarbeid, og utvide personlege nettverk. Undersøkingar viser at OTD er ein av de leiande messene målt på inngåtte kontraktar og relevante besøk.

Temaet for dagane i 2021 var forretningsmoglegheiter innan energi, teknologi og berekraft. Ignacio hadde to presentasjonar, høvesvis om prosessen med å få tildelt konsesjonar for vindkraft til havs og moglegheita for å kombinere vindkraft til havs med olje- og gassproduksjon.

I presentasjonen om om vindkraft snakka han meir konkret om korleis vage og generelle reguleringar i Havenergilova skapar eit uklart søknads- og konsesjonssystem, som igjen gjer at prosessen tek lang tid. Det er fyrst etter tildeling av konsesjon at arbeidet startar, gjennom krav om at utbygger må gjennomføre ei miljøkonsekvensvurdering og søke om diverse tillatingar.

Vidare, i presentasjonen om vindkraft kombinert med olje- og gassproduksjon, gjekk han nærare inn på korleis vindkraftutbygging til havs kan bidra til "det grøne skiftet" gjennom å elektrifisering av den norske sokkelen, vist ved pionér-prosjektet Hywind Tampen (Equinor) som gir kraft til olje- og gassfelta Snorre og Gullfaks. Dette prosjektet kan vere det fyrste teiknet på ei forsøkt "grønifisering" av norsk olje- og gassproduksjon, og har fleire fordelar. Ein erstattar gassforsynte plattformar for å redusere norske CO2-utslepp, samstundes som ein promoterer ny norsk teknologi.

Ignacio
Foto/ill.:
Ignacio Herrera Anchustegui