Hjem
Forskergruppe for klima-, energi- og miljørett
Intervju

Velkomen til Dr. Leigh Hancher som ny Professor II

Den velrennomerte og høgt anerkjente professoren Leigh Hancher starta som professor II ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen i november, og let seg i dette høvet intervjue av nettsida.

Leigh Hancher
Foto/ill.:
Leigh Hancher, foto av Anna Vasslid Valvatne

Hovedinnhold

Leigh Hancher er til dagleg professor i europeisk rett ved Universitetet i Tilburg, deltidsprofessor ved Florence School of Regulation ved European University Institute, og direktør for FSR Energy Union Law Area. Hennar forskingsinteresser inkluderer energimarknadsregulering, EU-statsstøtte og energimarknadsstyring, og gjennom dei siste tre tiåra har ho også jobba deltid i advokatfirmaet Baker Botts i Brussel med å bistå eit breitt spekter av klientar i møte med EU-kommisjonen og nasjonale konkurranske- og reguleringsstyresmakter. No har ho også starta som professor II her ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, tilknytta forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett.

Tiltrekt av eit ungt og internasjonalt fakultet

- Eg vart kontakta av Ignacio (red: Herrera Anchustegui), som eg har kjent i ei rekkje år. Han lurte på om eg ville samarbeide med fakultetet, og eventuelt ta opp ei stilling som professor II her. Eg sa ganske raskt ja, for å være ærleg. For meg har fakultetet den fordelen at det ikkje er veldig stort, og difor har eit tett samansveisa forskingsmiljø. I tillegg består det av fleire veldig unge, internasjonale og godt motiverte forskarar og PhD-kandidatar, noko som motiverer meg også. Det gjorde det enkelt å takke ja til ei stilling som professor II her, seier Leigh.

Fakultetet er ikke veldig stort, men det er ungt, dynamisk og internasjonalt

Lidenskap for undervising 

Det er ikkje utan grunn at Leigh vart rekruttert av Ignacio og UiB. Det finnes knapt ein professor i Europa innanfor statsstøtte og energimarknadsregulering med meir erfaring. Dei siste 20 åra har ho undervist ved Universitetet i Tilburg og rettleiia PhD-kandidatar der, hovudsakleg innanfor energirelaterte spørsmål. Dessutan er ho medlem av det nederlandske "Mining Council" og direktør for FSR Energy Union Law Area, ein del av høgt anerkjente Florence School of Regulation ved European University Institute. Her arbeidar ho mellom anna med å gjere universitetet til ein pionerinstitusjon innan nettbasert læring.

- Det som gjer Florence School of Regulation så interessant er måten vi har klart å gjere vår nettbaserte læring meir interaktiv og spanande for studentane våre. I starten laga vi hovudsakleg videoar om ulike emne som vi la ut på nettsida, men dette gir få moglegheitar til dialog. Difor investerte vi mykje tid og ressursar i å utvikle meir interaktive og tverrfaglege nettbaserte kurs, seminarar og workshops innanfor tema som the European Green Deal og den europeiske energimarknaden.

Vidare fortel Leigh at FSR har utvikla ei rekkje unike tilbod for studentar som ønskjer å lære meir om energirelaterte problemstillingar. Fyrst og fremst har dei ei omfattande stipendordning, som har som mål å gjere kursa deira meir opne og tilgjengelege - både i Europa og globalt - for både studentar og profesjonelle. I tillegg arrangerer dei ein sommarskule om energiregulering, som er open for både akademikarar, forskarar og fagfolk. Ho fortel at desse tilboda er ein viktig del av den interaktive og tverrfaglege undervisinga i Firenze, og oppmodar alle i Bergen til å sjekke det ut dersom dei er interessert i fagfeltet.

Dynamisk og utfordrande rettsområde

Det lysar i auga på Leigh når vi spør kvifor ho finn rettsområde som energimarknadsregulering, statsstøtte og konkurransett så interessante, og korleis ho vart ein av Europas framste ekspertar på det.

- Som student reiste eg til Firenze for å skrive doktorgradsavhandlinga mi, og ved ein tilfeldigheit fekk eg stilling som forskingsassistent til ein nyleg tilsett professor som kom til Firenze for å starte eit forskingsseminar innanfor energirett. Sidan den gongen har dette med energiregulering verkeleg blitt eit "hot topic", og utvikla seg mykje. Ettersom eg allereie hadde opparbeida meg ein fagleg bakgrunn og kompetanse då dette tok av, var eg så heldig å kunne få vere med på reisa vidare og gjere karriere innanfor området. Dette har vore eit utruleg kjekt og spanande arbeid, som har latt meg reise over heile verda - no Noreg.

Leigh overdriv ikkje når ho seier at energimarknadsregulering er eit rettsområde som har vore i dramatisk utvikling og gjenstand for heit debatt dei siste åra. Den norske skepsisen til ACER og EUs tredje energimarknadspakke illustrerer dette godt. 

- Energirett har gått frå å vere veldig offentlegrettsleg av karakter til å bli meir marknadsorientert og privatrettsleg. I tillegg har området utvikla store forgreiningar til reglar om statsstøtte. Dette krysningspunktet har det vore skrive lite om tidlegare, og her har eg og andre forsøkt å bidra gjennom oppklarande fagbøker og ny forsking. Men det trengst stadig meir. Ny teknologi kjem til, og med det nye juridiske problemstillingar og utfordringar. Difor er kvart år innanfor energirett heilt ulikt frå det forrigje.

Norsk elektrifisering som forskingsfokus

Leigh legg ikkje skjul på at ho har fleire mål som ho håpar å oppnå gjennom sitt arbeid i Bergen.

- Fyrst og fremst håpar eg at eg kan vere ein ressurs for yngre forskarar på fakultetet. Eg har jo etter kvart opparbeida meg eit godt nettverk i bransjen, og på den måten kan eg formidle kontakt og peike folk i retning av interessante som dei kan delta i. Dessutan syntes eg det skjer mykje spanande i Noreg. Vilja til elektrifisering av transportsektoren og av norsk sokkel viser at Noreg er eit føregongsland, og dette har vekka mi interesse. Eg vil gjerne vere med på å forske på dette området, og vise til resten av Europa kva som skjer her. Behovet for energiomstilling og omlegging til fornybare energiressursar kjem til å vere utfordrande for alle, og vi må lære av kvarandre for å få det til.

Behovet for energiomstilling er den største utfordringa vi står ovanfor på dette området

Vi takkar Leigh for praten, og ønskjer ho varmt velkomen som Professor II her på fakultetet!