Samfunnsfarmasi handlar om møtet mellom farmasi og samfunn og er det yngste kjernefaget i farmasistudiet.
Samfunnsfarmasøytisk forsking ser på konsekvensar av legemiddelbruk i befolkninga, samfunnets behov for farmasøytiske tenester og korleis farmasøytisk yrkesutøving kostnadseffektivt kan fylle behov og bidra til rasjonell og trygg legemiddelbruk, for den enkelte og for samfunnet.
Gode tverrfaglege studier er naudsynte for at samfunnet skal kunne dra full nytte av farmasøytar sin legemiddelkunnskap, samt bidra til bedre pasienttryggleik, difor samarbeidar vi med fleire institusjonar og grupper av helsepersonell.
Kven er vi?
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi har i sine forskningsprosjekt hovudfokus på pasienttryggleik ved legemiddelbruk. Vi har fleire samarbeidspartnarar, både nasjonalt og internasjonalt. Forskingsgruppa har også hovudansvaret for den samfunnsfarmasøytiske undervisninga i farmasistudiet ved UiB.
Gjennom forsking og undervisning ønskjer vi å gi studentane innsikt i farmasøyter sine oppgåver og ansvar i samfunnet, samt grunnleggjande kunnskap, haldningar og ferdigheiter som kan bidra til trygg og effektiv legemiddelbruk i samfunnet.
Bli bedre kjent med oss og forskningsprosjekta våre her!
I dag er dei viktigaste satsningsområda til forskingsgruppa
Legemiddelbruk hos eldre – tema som legemiddelepidemiologi, klinisk farmasi, sjukeheimsmedisin og farmasøytisk praksis blir dekka gjennom dette. Med farmasøytisk praksis meiner vi studier av korleis farmasøytisk kunnskap kan bidra til kvalitet og tryggleik i legemiddelforskrivning og –handtering.
Pasienttryggleik ved bruk av urtepreparat hos gravide og ammande – aukande bruk av slike middel også i sårbare grupper som gravide og ammande tilseier behov for auka kunnskap om tryggleik ved bruk.