Coworking som lokal og regional utviklingsstrategi for distriktskommunar
Masteroppgåva mi utforskar potensialet coworking har for å skape nye arbeidsplassar i distrikta i samanheng med kommunane sine lokale- og regionale utviklingsstrategiar.
Hovedinnhold
Coworking, også kjent som kontorfellesskap, er blitt meir og meir populær som arbeidsplass for verksemder og individ, internasjonalt men og i Noreg. Som ein del av auka digitalisering og fleksibilitet i arbeidskvardagen opnar coworking opp for moglegheiter for å kunne arbeide frå andre, mindre sentrale lokasjonar enn storbyane, og næringsaktiviteten kan i teorien lokaliserast «kor som helst». Masteroppgåva mi utforskar potensialet coworking har for å skape nye arbeidsplassar i distrikta i samanheng med kommunane sine lokale- og regionale utviklingsstrategiar. Særleg vil fokuset vere på coworking sin relasjon til stadutvikling, til å fremme ny næringsaktivitet, og vere ein del av strategiar for å lokke fleire innbyggarar. Med andre ord utforskar prosjektet korleis fleksible og digitale kontorarbeidsplassløysingar kan ha påverknad på kor ein kan busetje seg og kor ein kan arbeide. Masterprosjektet har og eit ekstra fokusområde som utforskar kva rolle kommunen kan ha som støttespelar eller som aktiv aktør for å få til eit fungerande kontorfellesskap i sine kontekstar.
I feltarbeidet mitt har eg reist rundt til 7 ulike distriktskommunar for å intervjue representantar frå kommunane, og dei som eiger eller driver kontorfellesskap i desse kommunane. Resultata frå intervjua gir meg grunnlag for å kunne sei noko om temaet og forskingsspørsmåla mine. Det har vore opplevelsesrike turar, og kjekt å få reise rundt og utforske kva som rører seg ute hos kontorfellesskapa i distriktskommunane.
Masterstudiet i geografi er eit kjekt og lærerikt studie, der ein får fordjupe seg i tema ein er interessert i innanfor geografifeltet.