Har studert effekten av bisfenol-sambindingar på østrogenrespons i torsk
Masterstudent Christine Tveiten Johansen har sett på korleis bisfenol-sambindingar aktiverar eller hemmar østrogenreseptoren i torsk. Ho syner urovekkande resultat der nye erstatningsstoff kan vere meir skadelege enn det kjende plasttilsetjingsstoffet bisfenol A.
Hovedinnhold
Bisfenol A (BPA) har sidan 50-talet vorte nytta i produksjon av plastprodukt, inkludert oppbevaring av mat og drikke. Dei siste tiåra har forsking synt at stoffet kan verka hormonforstyrrande gjennom å aktivere østrogenreseptoren.
BPA har difor vorte forbode i fleire produkt, som til dømes småbornsflasker. Som erstatningsstoff vert andre bisfenol-sambindingar introdusert, utan at vi kjenner verknaden av desse. Mange av bisfenol-stoffa er funne att i miljøet, blant anna i torskelever i Oslofjorden.
I masteroppgåva si har Christine studert om tolv ulike bisfenol-sambindingar kan aktivere eller hemme østrogenreseptoren til torsk. Funna hennar syner at fleire av erstatningsstoffa gjev ei høgare aktivering av reseptoren, eller aktiverar ved lågare dose enn BPA. Ho fann også at stoffa hadde ulik verknad i ulike testsystem, som fortel om viktigheten av gode studiar i risikovurderingar.
Me gratulerer Christine med ein flott presentasjon av oppgåva si, og ynskjer ho ein fin juleferie!