Hjem
Miljøtoksikologi

Marianne Brattås

Effektar på biomarkørar i atlantisk torsk (Gadus morhua) eksponert for ureina sediment frå området kring U-864, Fedje, og Vågen, Bergen sentrum

Hovedinnhold

Målsetjinga med studiet var å undersøkje om giftstoff som er akkumulert i forureina sediment er tilgjengeleg for opptak i fisk og om dei eventuelt kan forårsaka biologiske effektar i fisken. Studien vart gjennomført som eit eksponeringsforsøk kor ung atlantisk torsk (Gadus morhua) gjekk i fisketankar. Det vart nytta ureina sediment frå området kring den tyske ubåten U-864 ved Fedje og frå Vågen, Bergen sentrum, samt kontrollsediment til kvart av desse.

Kjemiske analysar synte høge førekomstar av kvikksølv i begge dei ureina sedimenta og i Vågen vart det målt høge konsentrasjonar av PCB. Elementanalyse av fiskevev synte at kvikksølv (både organisk og uorganisk), selen, og bly er tilgjengeleg for opptak i vev. PAH i Vågen-sedimenta er tilgjengeleg for opptak i fisk og PAH-metabolittar vart målt i galle.

Biomarkøranalysane syner at forureininga har effekt på fisken. CYP1A er oppregulert i lever- og gjellevev i Vågengruppa og nedregulert i gjellevev i U-864-gruppa. EROD er oppregulert i levervev i Vågengruppa men ikkje i gjellevev eller i U-864-gruppa. Dette indikerer at PCB og PAH i sedimenta gjev ein respons i fisken. MT er nedregulert i levervev hos Vågen-gruppa men ingen andre signifikante endringar vert observert. Kvikksølv indikerer å nedregulera vitellogenin i plasma i U-864-gruppa og den blanda forureininga i Vågen indikerer ei oppregulering – ingen av desse er signifikante.

Resultata frå denne studien syner at forureininga er tilgjengeleg for opptak i torsk og at ho gjev biologisk effekt. Dei kvikksølvureina U-864 sedimenta ser ut til å påverke biotransformasjonsenzym og reproduksjonsprosessar, noko som kan gje reproduksjonsproblem. Den blanda ureininga i Vågen-sedimenta påverkar biotransformasjonsenzym og indikerer østrogen påverknad av reproduksjonsprosessane.