Hjem
Miljøtoksikologi
Nyhende

Miljøprøvebanken

Miljøprøvebanken er eit framtidsretta arkiv med miljøprøvar frå norsk natur og eit viktig viktig verkty i den nasjonale og internasjonale kampen mot miljøgifter.

Foto/ill.:
Miljøprøvebanken

Hovedinnhold

Miljøprøvebanken vart offisielt opna 6. november 2012 ved at Klif-direktør Ellen Hambro gjorde det fyrste innskotet; ein aure frå Mjøsa.

Miljøprøvebanken inneheld djupfrosne prøvar frå mellom anna fisk og fuglar frå heile landet og Arktis. Prøvane som vert lagt i banken vert tidskapslar som tek vare på miljøet i dag og såleis kan analyserast i framtida med den kunnskapen og metodane ein då har.

Ei rekke artar med fisk, fugl, pattedyr, skjel og mose dannar eit representativt utval av dei ulike trofiske nivåa i næringskjeda.

Miljøprøvebanken er eigd av Miljøverndepartementet og styrt av Klima- og forureiningsdirektoratet. Den daglege drifta er lagt til CIENS som nasjonal oppgåve.

 

Informasjonsbrosjyre om Miljøprøvebanken (pdf-fil)