Utlysast snart: to stipendiatstillinger på BioCEED
Det vil i løpet av mai bli utlyst to stipendiatstillingar knytt til BioCEED, som har status gjennom den nasjonale prestisjeordninga som Senter for fremragende utdanning.
Hovedinnhold
For meir informasjon om BioCEED sjå her: https://www.uib.no/bio/55316/bioceed-%E2%80%93-senter-fremragende-utdanning-i-biologi
Dette er utlysingsteksten som vil kome saman med søknadsinformasjon i løpet av mai:
Stipendiatane skal arbeide i ei tverrfagleg gruppe og vil saman med senterleiar og arbeidspakkeleiarar ha eit særskilt ansvar for utvikling og evaluering av dei pedagogiske elementa og verkemidla som vert nytta i biologiutdanningane både ved Universitetet i Bergen og ved UNIS. I samråd med rettleiarog arbeidspakkeleiarar vil stipendiatane utarbeide prosjekt knytt til utvikling, gjennomføring og evaluering av undervisnings- og vurderingsopplegg innanfor biologiutdanningane.
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan biologi, pedagogikk eller nærliggjande fagfelt som er relevante for bioCEED, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Før tilsetjing kan skje, er det likevel ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til phd-studiet ved Universitetet i Bergen.Det er ein føremon med erfaring frå undervisningsrelatert verksemd innanfor høgare utdanning (undervisning, utvikling av undervisningsopplegg, evalueringsarbeid).
Vi ser etter motiverte kandidatar med forskarpotensiale som har relevant utdanning og som evnar å arbeide sjølvstendig. Røynsle frå universitetspedagogisk utviklingsarbeid er ein føremon. Det same gjeld kjennskap til og røynsle frå bruk av kvalitative og kvantitative metodar. Stillingane krev god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk og engelsk, og dessutan gode samarbeidsevner. Søkjarar må leggje ved eit perspektivdokument på maks 2 sider. Her skal ein gjere greie for sin motivasjon for å søkja stillinga og for sine forskingsinteresser. Dokumentet må og innehalde ein omtale av korleis eigne forskingsinteresser kan bidra til verksemda i bioCEED.