Steinalderlaboratoriet
Undervisningsopplegg barnetrinnet
Hovedinnhold
Tre inn i rolle som arkeologar, og utforsk steinalderens levevis!
“Steinalderlaboratoriet” er eit tverrfagleg undervisningstilbod frå Universitetsmuseet i Bergen, med utgangspunkt i museet sine samlingar frå steinalderen. Elevane trer inn i rolle som arkeologar, og utforskar steinalderens levevis, arbeidsteknikkar og samfunnsforhold gjennom arkeologiske metodar. Elevane testar ut jaktteknikkar frå steinalderen som pil og bue og kastespyd, grev etter flint, og får ei innføring i å tolke gjenstandsmateriale og bergkunst. Elevane vil også få høve til å reflektere over tema som berekraft, miljøbevisstheit og si eiga rolle i større samanhengar.
Måla for undervisningsopplegget er forankra i læreplanen sine overordna mål og kompetansemål.
NB! Deler av undervisningsopplegget foregår utandørs, husk å ta på klær etter været.
Påmelding
Kontakt
Dersom du har spørsmål eller tilbakemeldinger ta kontakt på skole@um.uib.no