Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for undervisnings- og internasjonaliseringsutvalet (UUI)

Hovedinnhold

Vedtekne av instituttrådet 5. februar 2020. Endringar gjort av instituttrådet 18. oktober 2023 er inkludert.

1. Mandat og oppgåver

Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI) er eit forum for drøfting og informasjonsutveksling om undervisningsspørsmål inkludert internasjonalisering ved Institutt for framandspråk. Instituttrådet har delegert ansvaret for studiesaker til UUI. Utvalet følgjer m.a. opp evaluering og kvalitetssikring av undervisninga, og vedtek studie- og emneplanar for tverrfaglege tilbod.

Det er likevel slik at:

a) programstyret for faget vedtek studieplanane på sitt fag og alle emneplanane som høyrer til faget (men ikkje tverrfaglege emne). Programstyret for lektorprogrammet vedtek studieplanen for lektorprogrogrammet og emneplanar for tverrfaglege emne som er ein del av lektorprogrammet. UUI vedtek emneplanar for alle andre tverrfarglege emne ved instituttet. 

b) instituttrådet skal godkjenna vesentlege endringar i studietilbodet, slik som oppretting eller nedlegging av studieprogram.

 

2. Representasjon

Undervisningsleiar ved instituttet leier UUI, og studieleiar er sekretær (utan røysterett) for utvalet. I tillegg møter desse:

  • fagkoordinatorane ved instituttet: arabisk (1), engelsk (2), fransk (1), italiensk (1), japansk (1), kinesisk (1), russisk (1), spansk (1), tysk (1) og fagdidaktikk (1). Til saman elleve medlemar.
  • alle studiekonsulentane ved instituttet. Til saman fem medlemar.
  • til saman fem studentrepresentantar. Dette inkluderer dei tre representantane i instituttrådet, pluss to representantar til.

Valperioden for studentrepresentantane følgjer valperioden for studentrepresentantane i instituttrådet.

 

3. Saksbehandling og møtepraksis

Møta i UUI er opne. Undervisningsleiar ved Institutt for framandspråk er leiar av rådet og legg fram sakene. Innkalling skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig. Studieleiar er sekretær for UUI. Rutinane for saksbehandling, møteleiing, referat m.m. følgjer dei normalreglane som universitetstyret har fastsett.

Møtet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er til stades og røystar. Ved likt stemmetal, avgjer undervisningsleiar med dobbeltrøyst.