Hjem
Studentsider

Karaktersystemet på UiB før 2003

UiB endra karaktersystem i 2003. Her finn du eit oversyn over det tidlegare karaktersystemet.

Hovedinnhold

Før 2003 var karaktersystemet fastsett i regelverket for kvart fakultet, og med unnatak av dei fakulteta som er særleg nemnde under, var det denne skalaen som vart brukt.

Gradert talkarakterskala

Den graderte talkarakterskalaen hadde karakterverdiar frå 1.0 til 6.0 med trinn på 0,1. 1.0 var beste karakter og 4.0 var dårlegaste ståkarakter. Karaktertrinna 4.1 - 6.0 vart brukte som hjelpestorleikar i sensurarbeidet og vart normalt ikkje oppgjevne.

Den graderte talkarakterskalaen kunne bli brukt utan tilleggsnemningar og med tilleggsnemningar på latin eller engelsk.

Tilleggsnemningar på latin:

  • 1.0 - 1.5  Laudabilis prae ceteris
  • 1.6 - 2.5  Laudabilis
  • 2.6 - 3.2  Haud illaudabilis
  • 3.3 - 4.0  Non contemnendus
  • 4.1 - 6.0  Immaturus

Tilleggsnemningar på engelsk:

  • 1.0 - 1.5  Excellent
  • 1.6 - 2.5  Very Good
  • 2.6 - 3.2  Good
  • 3.3 - 4.0  Not recommendable but pass
  • 4.1 - 6.0  Fail

Gradert bokstavkarakterskala

Den graderte bokstavkarakterskalaen hadde karakterverdiar A, B, C og D for bestått og "Fail" for ikkje bestått. A var beste karakter og D var dårlegaste ståkarakter.

Ugraderte karakterskalaer

  • Bestått / Ikke bestått
  • Pass / Fail
  • Godkjent / Ikke godkjent
  • Bestått med laud / Bestått / Ikke bestått

Graderte karakterskalaer brukt ved Det juridiske fakultet

Følgjande karakterskala nytta:

  • 2.00 - 2.15  Laudabilis
  • 2.16 - 2.35  Står til laudabilis
  • 2.36 - 2.55  Kan få laudabilis
  • 2.56 - 2.75  Kan vel få laudabilis
  • 2.76 - 2.95  Haud illaudabilis
  • 2.96 - 3.15  Står til haud illaudabilis

Studenter som fekk dårlegare karakter enn står til haud illaudabilis, hadde ikkje bestått. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi.

For eksamenar i profesjonsdelen vart følgjande karakterskala nytta:

  • Laudabilis - tre ulike karakterer
  • Haud illaudabilis - to ulike karakterer
  • Ikke bestått

Det vart ikkje gjeve hovudkarakter.

Gradert karakterskala brukt ved Det medisinske og Det odontologiske fakultet

Før høsten 2003 brukte Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen karakterskalaen 6 – 12, hvor 6 var den laveste karakteren for å bestå og 12 var den høyest oppnåelige.»

For kvar eksamen vart det gjeve ein karakter uttrykt i heile tal frå 12 til 6. Studentar som fekk dårlegare resultat enn 6, hadde ikkje bestått eksamen. For dei vart det ikkje sett nokon talverdi. 

Avdelings- og hovudkarakter vart oppgjevne på følgjande måte:

  • 11.00 - 12.00  Laudabilis cum litteris commendatitiis
  • 9.00 - 10.99    Laudabilis
  • 7.00 - 8.99     Haud illaudabilis
  • 6.00 - 6.99     Non contemnendus
Fakultetet sjølv gav reglar for utrekning av hovudkarakter, avdelingskarakter og karakterar i fag der karakteren var samansett.