Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt klima

Fjellskredkronologi i Bondhusdalen, Mauranger

Hovedinnhold

Prosjektskildring:
Bondhusdalen er eit av dei mest spektakulære dalføra på Folgefonna og mykje brukt til ekskursjonar ved UiB og av andre. Dette fordi den inneheld svært mange spennande landformer samstundes som den har eit aktivt prosessmiljø. Førebels kartlegging syner at det er minimum fire store fjellskred innover dalen og eit av desse demmer opp Bondhusvatnet og er truleg grunnen til at det er ein innsjø her. Eine delen av oppgåva vil difor gå ut på å gjere ei grundig kvartærgeologisk kartlegging ved bruk av kartverket sine LIDAR data og ved bruk av ArcGIS. Etter at kartlegginga er ferdig skal det samlast inn omlag 15 prøvar av eitt eller fleire av skreda for å freiste datere desse med kosmogene nuklidar. Mange av dei største fjellskreda på Folgefonnnshalvøya gjekk i tida rett etter deglasiasjonen. Det kan og vere tilfellet med skreda i Bondhusdalen. Sedimentkjernar tekne i innsjøen syner at sedimenta ikkje er meir enn omlag 2000 år gamle. Spørsmålet er om dette er alderen på skredet eller om det er andre grunnar til at Bondhusvatnet ikkje har eldre sediment. 

Forskingsspørsmål: Kor mange fjellskred har gått i Bondhusdalen? Kva er alderen på dei ulike fjellskreda?

Test (arbeid): Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging av Bondhusdalen ved hjelp av feltarbeid, studiar av LIDAR og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Etter kartlegginga skal studenten ta prøver av 15 store blokker for datering ved hjelp av Be-10. Prepareringa av prøvane skal gjerast på laboratoriet i Bergen medan  AMS-analysar  skal gjerast ved Aarhus AMS Centre.

Krav for opptak:  
GEOV110 (10 sp) Innføring i kvartærgeologi

Eksterne data: Nei

Felt-, lab- og analyse- arbeid: Kartlegging av kvartærgeologien i Bondhusdalen med særleg vekt på fjellskreda innover dalen. Prøvetaking av større blokker for datering ved bruk av kosmogene nuklidar. Lab-arbeidet (ca. 3 md.) inkluderer knusing og pulverisering, mineralseparasjon, samt prosessere rein kvarts for preparering av Be-prøver til AMS-analyse. 

Føreslåtte emne i spesialiseringa (60 sp): 
GEOV225 (10 sp) - Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima  
GEOV226 (10 sp) - Lab- og metodekurs i kvartærgeologi 
GEOV222 (10 sp) – Paleoklimatologi 
GEOV326 (10 sp) – Kvartære miljø, prosessar og utvikling