Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima / Geofarer / Miljø

Geofaglege vurderingar og kvantifisering av stislitasje i dalar rundt Jostedalsbreen og i Jostedalsbreen nasjonalpark, Vestland fylke

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse
To masterstudentar på eit masterprosjekt om beskrivelse og kvantifisering av stislitasje rundt Jostedalsbreen og i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Bakgrunn for masterprosjektet
Friluftsturismen har auka dei siste åra og slitasje langs stiar til populære turmål aukar kraftig. Dette gjeld òg langs populære stiar og gangvegar i sidedalane rundt Jostedalsbreen, der store område ligg i Jostedalsbreen nasjonalpark, som vart oppretta i 1991. I Jostedalsbreen nasjonalpark kan ein studere korleis isbreane har utvikla landskapet under istidene og korleis aktive geologiske prosessar verkar i dag. Moreneryggar syner utbreiinga til utløpsbreane til Jostedalsbreen under ‘den vesle istida’ og korleis breane har smelta tilbake opp mot vår tid.

Fleire stadar er det lagt til rette for ferdsel gjennom dalane og inn til breutløparar gjennom auka merking og tilrettelegging av stiar og gangvegar. I mange tilfelle utgjer dette lågterskeltilbod for turistar som ikkje først og fremst kjem til Noreg for å gå fotturar. Den auka aktiviteten har fleire stader ført til meir stislitasje. Med forventa framtidige klimaendringar kan det hende at sesongen for friluftsturisme vert monaleg forlenga, på same tid som auka nedbør kan gjere eksisterande stiar meir sårbare for slitasje enn dei er no. Auka ferdsel set spor i terrenget, både på fast fjell og der det er lausmassar.

Problemstilling: Er det mogleg å kvantifisere stislitasje?
Dette masterprosjektet skal forsøke å kvantifisere stislitasje på fast fjell/steinblokker og i lausmassar. Metodar og feltarbeid
Masterstudentane skal nytte stislitasje-indeksar utarbeida av hovudrettleiar. Det er ønskeleg å ta opp to masterstudentar på prosjektet, der den eine konsentrerer seg om stiar i dalar på vestsida av Jostedalsbreen og den andre tek for seg stiar i sidedalar på austsida av breen, men der begge samlar inn feltdata i lag. Dette er med og sikrar lik feltmetodikk, felles forståing, presentasjon og tolking av resultata, samt at det har med tryggleiken til studentane i felt (HMS) å gjere. Resultata frå dei kvantitative undersøkingane av stislitasje skal samanliknast med teljingar av ferdsel langs stiar i nasjonalparken utført av Statens naturoppsyn og nasjonalparkforvaltinga.
Masterprosjektet skal etter planen danne grunnlag for monitorering over ein lengre periode ved å gjere ein grundig geofagleg dokumentasjon av noverande tilhøve, samt å kome fram til hensiktsmessige måtar å observere og kvantifisere stislitasje på. Dette arbeidet skal gjerast i samarbeid med nasjonalparkforvaltarane i Jostedalsbreen nasjonalpark og Statens naturoppsyn.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
Haust 2022:
GEOV228, GEOV217, eller SDG213
GEOV230 Glasialgeologi (10 sp)
GEOV316 Practical skills in remote sensing and spatial analysis (10 sp)
Vår 2023:
GEOV225 Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (10 sp)
GEOV326 Kvartære miljø, prosesser og utvikling (10 sp)
GEOV302 Dataanalyse i geovitenskap (10 sp)

Studieplanen kan og tilpassast at ein eller beggje studentar startar i vårsemesteret 2022. 

Særskilte krav for opptak til prosjektet
Eit eller fleire 100/200-talsemne i statistikk og GIS er ein fordel.

Eksterne data
Statsforvaltaren i Vestland v/Marthe Gjerde

Felt- lab- og analysearbeid
Feltundersøking og datainnsamling langs utvalde stiar (2-4 veker sommaren/hausten 2022). Erfaring med friluftsliv og ferdsel bratt fjellterreng er ein naudsynt. Fordel med ein viss kunnskap i grunnleggande statistikk.