Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima / Miljø

Rekonstruksjon av Blåskavlen, Aurland, basert på kartlegging og undersøking av innsjøsedimenter

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse
Blåskavlen er ei lita og høgtliggande bre (~1400–1700 moh.) i Aurland kommune, Vestland fylkeskommune. I dette prosjektet er målet å rekonstruere breen si historie attende i tid, og dermed klimaendringar i same periode. Brear er effektive agensar som skurer på overflata. Materiale som breen produserer blir sendt med smeltevatnet nedstraums og avsett i ulike naturlege basseng (til dømes innsjøar). I dette prosjektet skal det takast innsjøkjernar frå Soleibakkvotni som vidare skal analyserast i lab og knyttast til Blåskavlen si ending i tid og rom. I samband med dette er det naudsynt med ein grundig kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til breen basert på feltarbeid og
undersøking av flyfoto/LiDAR-data, samt undersøking av andre brear rundt fjellmassivet (om lag 25 km2 stort område). Området er overraskande lett tilgjengeleg då det ligg vest for turistvegen mellom Aurland og Lærdal. Det er forventa at kandidaten kan gjennomføre feltarbeid på eiga hand, samt er vand med å vere på høgfjellet i Noreg. Tilgang på bil er ein føremon.

Forskingsspørsmål:
Korleis har Blåskavlen variert attende i tid?
Korleis er koplinga mellom variasjonar i Blåskavlen og klima?
Kor mykje har Blåskavlen smelta i moderne tid?

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV217 / Geofarer (høst, 10 stp.)
GEOV222 / Paleoklimatologi (høst, 10 stp.)
GEOV226 / Lab- og metodekurs i kvartærgeologi (høst, 10 stp.)
GEOV225 / Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (vår, 10 stp.)
GEOV229 / Geomorfologi (vår, 10 stp.)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitenskap (vår, 10 stp.)

Særskilte krav for opptak til prosjektet 
GEOV110 / Innføring i kvartærgeologi (eller tilsvarande)

Felt- lab- og analysearbeid
Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av feltarbeid (1-3 veker), studiar av LIDAR og
flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studenten skal vera med på kjernetaking i felt, samt gjennomføre labarbeid
av innsamla materiale ved EARTHLAB.