Rekonstruksjon av Storskavlen, Aurland, basert på kartlegging og undersøking av innsjøsedimentar
Dette masterprosjektet ble tildelt Håvard Heie Bjørndal som startet på sin mastergrad i geovitenskap, UiB, høstsemesteret 2023. Masterprosjektet er gitt av forskningsgruppen Kvartærgeologi & Paleoklima.
Hovedinnhold
Prosjektbeskrivelse
Storskavlen er ei lita (~4 km2) og høgtliggande bre i Aurland kommune, Vestland fylkeskommune. I dette prosjektet er målet å rekonstruere breen si historie attende i tid, og dermed klimaendringar i same periode. Brear er effektive agensar som skurer på overflata. Materiale som breen produserer blir sendt med smeltevatnet nedstraums og avsett i ulike naturlege basseng (til dømes innsjøar). I dette prosjektet skal det takast innsjøkjernar frå Hednedalsvatnet som vidare skal analyserast på lab og knyttast til Storskavlen si ending i tid og rom. Ved denne breen blir det også danna proglasiale innsjøar som potensielt kan generere GLOF (jökulhlaup). I samband med sedimentkjernar er det naudsynt med ein grundig kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til breen, samt andre brear rundt fjellmassivet (om lag 20 km2).
Forskingsspørsmål: Korleis har Storskavlen variert attende i tid? Er det spor av jøkullaup i Hednedalsvatnet, og korleis er dette relatert til klima?
Test (arbeid): Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av feltarbeid (1-3 veker), studiar av LIDAR og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studenten skal vera med på kjernetaking i felt (vinterboring), samt gjennomføre lab-arbeid av innsamla materiale.
Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp):
GEOV225 (10 sp) – Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima
GEOV336 (10 sp) – Lab- og metodekurs i kvartærgeologi
GEOV222 (10 sp) – Paleoklimatologi
Særskilte krav for opptak til prosjektet
GEOV110 (10 sp) / Innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi (eller tilsvarende)
Felt- lab- og analysearbeid
Kartlegging av kvartærgeologien rundt Storskavlen med særleg vekt på spor etter breframstøyt/GLOF. Kjernetaking av innsjø i nedslagsfeltet. Lab-arbeid (ca. 2-3 md.).