Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima / Miljø / Geofarer

Eolisk aktivitet gjennom sein-holocen ved Skardasanden, Rogaland

Dette masterprosjektet er ledig fra masteropptaket høsten 2023. Ta kontakt med de opplistede veilederne for mer informasjon om prosjektet.

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse
Instrumentelle og skriftlege kjelder frå områda rundt Nord-atlanteren viser at stormaktiviteten, på engelsk ofte kalt ‘storminess’, viser stor variabilitet både i tid og rom. I løpet av dei siste tiåra har det blitt gjennomført fleire studiar der målet har vore å rekonstruere tidlegare stormaktivitet, særleg på dei britiske øyer, Frankrike, Danmark og i Sverige. Desse studiane er i all hovudsak basert på prosesser som går føre seg langs kysten, og spesielt der sandkorn er mottakeleg for vind. Gjennom studiar av sanddyner, og/eller innsjøsedimenter frå omkringliggjande områder, kan ein med relativt høg presisjon rekonstruere periodar med høg/låg tilførsel av eoliske sedimenter, som ein kan relatere til stormaktivitet.

I dette prosjektet freistar me å rekonstruere eolisk aktivitet ved Skardasanden på Jæren gjennom analysar av kjernar frå eit tjern/myr aust for stranda og gjennom kvartærgeologisk kartlegging og dronebilder. Me ynskjer med prosjektet å gjennomføre repeterande droneflyging for å undersøka korleis sanddynene endrar seg gjennom sesongane.

Forskingsspørsmål: Korleis har frekvensen av stormar variert attende i tid ved Skardasanden? Kor mykje endrer sanddynene seg ved Skardasanden gjennom sesongane, og korleis kvantifisere endringa? Kva driver denne endringa?

Test (arbeid): Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av repeterande feltarbeid (til saman 1-2 veker), studiar av LIDAR, drone- og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studenten skal vera med på kjernetaking i felt, samt gjennomføre lab-arbeid av innsamla materiale. Kartlegging av kvartærgeologien rundt Storskavlen med særleg vekt på spor etter breframstøyt/GLOF. Kjernetaking av innsjø i nedslagsfeltet. Lab-arbeid (ca. 2-3 md.).

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV217 (10 sp) – Geofarer 
GEOV225 (10 sp) – Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima 
GEOV336 (10 sp) – Lab- og metodekurs i kvartærgeologi 
GEOV222 (10 sp) – Paleoklimatologi 
GEOV316 (10 sp) – Praktiske ferdigheiter i fjernmåling og romleg analyse

Særskilte krav for opptak til prosjektet
GEOV110 (10 sp) / Innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi eller tilsvarende