Vil du studere geografi?
Geografi er studiet av menneske, samfunn, natur og miljø, og samanhengen mellom desse. Vi ser på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv. Vil du bli geografistudent?
Hovedinnhold
Korleis kan vår tids store utfordringar som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og matproduksjon taklast på lokalt plan? Geografistudiet passar for deg som vil forstå desse komplekse utfordringane og få kompetanse til å finne løysingar. Geografifaget tar for seg sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og naturbestemte forhold i Norge og internasjonalt. Aktuelle tema i undervisninga er blant anna geofarar som flaum og skred, klimaendringar, vegetasjonsendringar, matsikkerhet, ressursforvaltning, næringsutvikling, regional utvikling og planlegging.
Feltkurs er ein spennende og viktig del av undervisninga gjennom geografistudiet. Dette gir eit godt praktisk tillegg til forelesingar,seminar og pensumbøkene. Gjennom feltkurs får du jobbe med aktuelle problemstillingar, du får erfaring med prosjektarbeid og kan teste ut teoriar på ekte problemstillingar.
GIS (Geografiske informasjonssystem) er eit viktig verktøy for å analysere romlege data, og blir brukt på fleire kurs. GIS-kunnskap blir etterspurt i mange stillingar som er aktuelle for geografar.
Bachelorprogram i geografi
Ein bachelorgrad i geografi gir deg innsikt i sentrale teoriar innanfor faget og du får også praktisk kompetanse som er relevant for arbeidslivet. Ein bachelorgrad har 180 studiepoeng fordelt på 3 år. På bachelorprogrammet i geografi studerer du i starten både samfunns- og naturgeografi før du spesialiserer deg i ei valt studieretning. Du har også eit år med frie studiepoeng som du kan bruke til å ta inn andre fag ved UiB eller reise på utveksling. Vi har mange utvekslingsavtaler med universiteter i heile verda, og du kan studere eit eller to semester i utlandet som del av graden din.
Årsstudium i geografi
Du kan også ta eit årsstudium i geografi. Merk at eit årsstudium ikkje fører til ein grad med eit vitnemål. Du får studierett i eit år og får karakterutskrift for avlagte eksamenar. Årstudiet passar best for deg som vil bruke geografi i ein annan grad eller få undervisningskompetanse i geografi med tanke på lærarutdanning.
Masterprogram i geografi
Etter fullført bachelorgrad i geografi kan bygge på med ein 2-åring mastergrad og søke opptak til masterprogrammet i geografi. Som masterstudent får du jobbe med ditt eige forskingsprosjekt. Du utviklar en prosjektskildring, samler inn data gjennom eit feltarbeid i inn- eller utland og skriv ei masteroppgave. I tillegg tar du teori- og metodekurs som er relevante for di studieretning. På masterprogrammet søker du direkte inn på valt studieretning:
- Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
- Utviklingsgeografi
- Miljø- og landskapsgeografi
- Naturgeografi
Innhaldet i dei ulike programma i geografi
Her finn du informasjon om kva emne som inngår i studiet. Klikk på emnekoden for å få meir informasjon om dei ulike delane.
Bachelorprogram i geografi
1. semester
EXPHIL-SVEKS/EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum, seminar- eller eksamensmodell
GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringar og lokale svar
GEO110 Kartografi og tematiske kart
2. semester
3. semester
- GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi
- GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø
- GEO131 Ressursforvaltning og global utvikling
4. semester
- Frie studiepoeng/utveksling
- Les mer om utveksling.
5. semester
Frie studiepoeng/utveksling. Anbefalt frie studiepoeng ved UiB:
6.semester
Val av studieretning.
Naturgeografi:
- GEO214 Statistikk og geografisk metode (Vår 2017: GEO204)
- GEO213 Terrestriske klima- og miljøendringar (Vår 2017: GEO212)
- GEO291 Naturgeografisk feltkurs
Miljø- og landskapsgeografi:
- GEO214 Statistikk og geografisk metode
- GEO282 Kulturlandskapets geografi
- GEO293 Miljøgeografisk feltkurs
Utviklingsgeografi:
- GEO214 Statistikk og geografisk metode
- GEO231 Teorier om migrasjon og utvikling
- GEO292 Regionalgeografisk feltkurs
Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging:
- GEO214 Statistikk og geografisk metode
- GEO221 Globalisering og stedsutvikling
- GEO292 Regionalgeografisk feltkurs
Du kan bytte plass på 4. og 6. semester etter hva som passer best.
Årsstudium i geografi
Masterprogram i geografi
1.semester
To felleskurs for alle retningene:
Eit teorikurs for din studieretning:
Miljø- og landskapsgeografi
- GEO328 Planlegging og samfunn
- GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging
- GEO326 Geographical Perspectives on Food
Naturgeografi
- GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar
Utviklingsgeografi
- GEO326 Geographical Perspectives on Food
Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
2. semester
Felles for alle retningane:
- GEO309 Semesteroppgave
Teori- og metodekurs for di studieretning:
Miljø- og landskapsgeografi
Naturgeografi
- GEO314 Hydrologi og grunnvatn i naturlege og menneskepåverka miljø eller kurs på UNIS (Svalbard)
- GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi
Utviklingsgeografi
Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
Feltarbeid
- Slutten av 2. semester/sommer mellom 2. og 3. semester
- Søk om økonomisk støtte til feltarbeid
3 og 4. semester
- GEO350 Masteroppgave i geografi
- Innelveringsfrist er 15. mai i 4. semester