Hjem
Institutt for geografi
Ny bok

Ny bok om Norge

Grete Rusten, Kerstin Potthoff og Linda Sangolt ved UiB er redaktørar for den nye boka "Norway: Nature, Industry and Society".

Hovedinnhold

Boka er utgjeven på Fagbokforlaget og rettar seg mot internasjonale forskarar, arbeidstakarar og studentar som søker meir informasjon om kva som kjenneteikner Norge og korleis dette landet i utkanten av Europa har utvikla seg. I forordet til boka skildrar ein utanlandsk forskarkollega sine tankar frå sitt første møte med landet slik:

My flight from London has just landed in Norway. It is a clear day in March and the view from the plane when we passed the deep fjords and snow-capped mountains was quite spectacular. But tell me, how can people live here, and what is typically Norwegian? I also asked myself what the real differences and similarities are between the situation here and the development of society elsewhere in Europe.

Det var slike kommentarar frå internasjonale forskarar og studentar som førte til ideen om å samla forsking om Norge frå ulike fagfelt i ei bok.

 

Tverrfagleg

18 forskarar frå forskingsmiljø i heile landet har bidratt med sin spesialkunnskap i boka. I tillegg til dei tre redaktørane, bidrar også Rannveig Øvrevik Skoglund og Knut Hidle ved Institutt for geografi frå UiB. Dei andre forfattarane kjem frå Møreforskning, NTNU, Universitetet i Tromsø, AFI, Høgskolen i Lillehammer, NIBR og FAFO. Dei representerer fagområda geografi, samfunnsvitskap, økonomi og samanliknande politikk.

Boka gir nye perspektiv på korleis landet langt mot nord har utvikla seg og blitt eit moderne samfunn med ein identitet som balanserer kulturelt mellom det urbane og det rurale, og ideologisk mellom marknad og sosialdemokratiske verdiar. 

 

Fagbokforlaget