Samfunnsgeografisk feltkurs til Kvam
Geografistudentar lærer i audiorium og grupperom på UiB, men også ute i felten. No er 29 studentar og fire emneansvarlege tilbake på UiB etter vellukka feltdagar i Hardanger.
Hovedinnhold
GEO151 Samfunnsgeografisk feltkurs gir studentane ei første innføring i praktisk forsking, utgreiingsteknikkar, analyser og skriving av feltrapport. Tidlegare år har feltkurset gått til stader som Askøy, Voss, Stord, Nordhordland, Odda og Os. I haust var det Kvam som skulle utforskast.
Teori og praksis
Kurset er organisert med forelesingar, rettleiing og feltstudie og gir studentane ei praktisk utgreiingserfaring tidleg i utdanningsløpet.
- Dette gir grunnleggande ferdigheiter som er relevante både for vidare studium og seinare yrkesliv. Studentane får slik ei god praktisk tilnærming til det teoretiske lærebokstoffet, seier Grete Rusten.
Ho arrangerer kurset saman med Knut Hidle, Håvard Haarstad og Helge Lea Tvedt. Kvam herad har vore ein god samarbeidspartnar i dette kursopplegget.
Gruppearbeid
Studentane har i forkant sjølv kontakta verksemder, folk i kommunen og andre som dei skal intervjue under dagane i felt. Studentane har jobba med ulike tema og viktige samfunsspørsmål for Kvam som næringsutvikling, tettstadsutvikling, kultur og landbruk.
Dei ulike prosjektoppgåvene er basert på gruppearbeid som blir samla, redigert og publisert i ein feltrapport som blir gjort tilgjengeleg for interesserte rundt årsskiftet. Å arbeide i team er en svært viktig erfaring, også med tanke på seinare yrkeskarriere.
Studere lokalsamfunn
Det at studentane kan bli kjent med eit lokalsamfunn på denne måten er svært viktig for ei rekke av studiar ved Insitutt for geografi.
Feltkurs er ei heilt sentral brikke i våre undervisningsopplegg, og bidrar til at studentane våre har langt meir praktisk erfaring enn det som elles er vanleg i mange universitetsstudium. Det er både lærerikt, skjerpande, styrker relevansen og bidrar til eit godt læringsmiljø.
Dei emneansvarleg sender ei takk til kommunen, næringslivet, organisasjonar og andre som har stilt opp til intervju og gir oss stor innsikt i viktige samfunsspørsmål i Kvam. Det er verdifullt for oss å flytte undervisninga ut i samfunnet og gi dei praktisk utgreiingserfaring på denne måten. Samtidig blir vi litt betre kjente med andre delar av Vestlandet enn Bergen.
Les også:
- Hordaland folkeblad: Geografistudentar sette Kvam under lupa
- Geografistudenten: I felt for første gang