Høgtidleg utdeling av BFS-stipend
Fredag mottok Håvard Haarstd og dei tre andre unge forskararane ved UiB rekrutteringsstipend frå Bergens Forskningsstiftelse (BFS). Vi har her samla nokre bilete frå den store dagen.
Hovedinnhold
Tildelinga vart sjølvsagt godt feira, både på Institutt for geografi og i Universtitetsaulaen.
Geografane starta med ei samling på instituttet. Håvard Haarstad gjekk gjennom presentasjonen av prosjektet, som han hadde for komiteen. Så fekk han gode ord med på vegen både frå instituttleiar Svein Olaf Dahl, Grete Rusten, leiar for forskargruppa Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging og Tarje I Wanvik, medsamansvoren i SpeceLab-gruppa.
Institutt for geografi var også godt representert i Universitetsaulaen under den høgtidlege utdelinga. Etter ein motiverande tale frå Nobelpris-vinnar Edvard Moser, fekk dei fire unge forskarar det synlege beviset på tildelingane i millionklassen.
Gratulerer igjen til alle fire!