Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Eit år på sagaøya

- Island er det mest eksotiske landet i Norden. Landskapet er så unikt og Reykjavik er kjent for sitt gode kulturliv.

Hanne på campus
Hanne Teigen Rekve utanfor universitetet. Campus ligg like utanfor sentrum av Reykjavik med god utsikt til byen med Halgrimskirkja og fjellet Esja som synlege landemerke.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Hovedinnhold

Det var desse forventingane om landskapet på Island og kulturlivet i Reykjavik som gjorde at Hanne Teigen Rekve valte å reisa på utveksling til Háskóli Islands i det siste året på bachelorprogrammet i geografi. Både naturen og kulturlivet har innfridd.

Kultur og natur

Reykjavik minner på mange måtar litt om Bergen, meiner Hanne. Ho er opptatt av musikk og musikklivet i dei to byane har det til felles at det er mangfaldig. I Reykjavik er det er mange gratis konsertar og kulturarrangement og lett å få oversikt over kva som skjer.

- Island er eit bra val for dei som ikkje har lyst på det store kultursjokket. Det er mykje ein kan kjenna seg igjen i, men Island er veldig ulikt med tanke på natur, seier ho.

To dagar etter ho kom til Island var det tid for den første store naturopplevinga. Det var klart for studietur med faget som gir ein introduksjon til geologien på Island. Dei reiste med buss langs sørkysten i fem dagar.

- Det var utruleg spennande! Vi såg på ulike landformer, vulkanar og isbrear. Det vart ein kjempefin start på utvekslingsåret mitt her, sjølv om det var samtidig med introduksjonsveka ved universitetet og vi gjekk glipp av tre dagar der.

Det at alt ikkje er like godt planlagt er også ein del av den nye kvardagen. Det reddast, seier islendingane. Det ordnar seg.

Faglege utflukter

Hanne tar flest fag innan biologi og geologi. Det er spennande fag, men ho saknar fleire fag innanfor samfunnsgeografi og turisme som blir undervist på engelsk. Ho tar fleire fag med ekskursjonar ut av byen som ein del av undervisninga. Gjennom eit fag i økologi reiste dei til Heidmark for å kartlegga planter og samanlikna plantemiljø. Her er det skog, og Heidmark er oppkalla etter Hedemark fylke av denne grunn.

Faget Icelands nature and culture legacy tar for seg litteratur, kultur, musikk, geologi, geografi og biologi på Island. Her har dei hatt fleire besøk på ulike museum og turar til Reykjanes for å sjå på dyre- og plantelivet ved kysten. Gjennom eit biologifag som heiter Concervation biology har dei besøkt ein organisasjon som jobbar for å ta vare på biodiversitet og hindra erodering.

Hanne er også  med i ein studentorganisasjon som heiter Fjallið. Det er ein organisasjon for geologi-, geografi- og turismestudentar ved universitetet.

- Vi reiser rundt til organisasjonar, arbeidsplassar og bedrifter som er relevante for oss. Vi får presentasjonar, ofte med mat og drikke. Til dømes var vi på miljøavdelinga i kommunen, eit helikopterselskap og eit vassdragsverk. Dei arrangerer også hytteturar, fortel Hanne.

Nyttig erfaring

Undervisning og eksamensordning er annleis enn heime. Heime tel endeleg eksamen ofte 100% av karakteren. På Island tel mykje av det som skjer gjennom undervisninga med på den endelege karakteren. Eksamen utgjer kanskje 20% av sluttkarakteren, og presentasjonar, rapportar, grupperarbeid og innleveringar går også inn.

- Eg føler eg jobbar meir med studiane her enn heime sidan det er eit konstant press. Første semesteret var vanskeleg, men no har eg lært meg det, seier ho.

Dei har også mykje gruppearbeid. Gjennom gruppearbeid med andre utvekslingsstudentar forstår dei også kor ulike erfaringar dei har med studiane.

-Dette ser eg på som nyttig erfaring for seinare arbeidsliv. Det å kunne jobba i grupper med folk med ulik bakgrunn og kunnskapar er forvirrande, men det gjer oss også meir tilpassingsdyktige. Vi lærer oss å jobbe saman på tvers av ulikskapar og tilpassar oss kvarandre, fortel ho.

Å bu på ei øy i Atlanterhavet

Hanne meiner at det beste med å vera student på Island er at det ho studerer er så lett tilgjengeleg og alt er så relevant. Ho snakkar om det unike med å få bu på ei øy i Atlanterhavet der du kan gå frå ei kontinentplate til ei anna, der offentlege bad er viktige sosiale møtestader med vakter i dusjen som passar på hygienen og der ho lever med det konstante håpet om å få oppleva eit vulkanutbrot.

- Eg føler ikkje eg manglar noko her. Her er eit rikt kulturliv, variert natur og mange interessante folk å bli kjent med, avsluttar Hanne.