Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør)
Hovedinnhold
Energisituasjonen i verda er i rask endring. Dagens energiforsyning og energibruk er det viktigaste bidraget til den globale oppvarminga. Skal vi halde oss under 2-gradarsgrensa må vi legge om energiforsyninga og energibruken vår.
I dette studiet får du innsikt i ulike energiressursar som er i bruk, korleis dei blir omforma og brukte. Du får òg innsikt i fornybare energikjelder som i dag gir eit lite bidrag til global energiforsyning, men som er i rask vekst, som for eksempel vindenergi, solenergi, biodrivstoff. Teknologiar som i liten grad er tatt i bruk, men som har vesentleg potensial, som for eksempel bølgeenergi, tidevassenergi, geotermisk energi, tar vi òg opp i studiet. Introduksjon av nye, fornybare energikjelder vil gi nye utfordringar til energisystemet med omsyn til blant anna leveringssikkerheit. I studiet vil du få innsikt i teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar av vår bruk av ulike energikjelder.
Gjennom studiet opparbeider du deg solid kompetanse i grunnleggande realfag. Dette gir deg evne til å følge med i den hurtige energiomstillinga. I tillegg får du en breiddekunnskap som hjelper deg å sette energi inn i eit samfunnsmessig perspektiv.
Studiet gir deg moglegheit til både å velje grunnleggande naturvitskapelege fag og meir praktisk orienterte fag. Dette får vi til blant anna ved å samarbeide med Høgskulen på Vestlandet. I studiet er det òg lagt inn tid til praksis i ei bedrift.
Studiet gir deg sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggande realfaga òg får kunnskap innanfor fag som programmering, teknologileiing og økonomi og miljøfag. Masteroppgåva er eittårig, det gir deg moglegheit for fordjuping. Her kan du velje ei rein naturvitskapeleg, ei teknologisk eller ei meir samfunnsorientert oppgåve.
Meir informasjon finn du her.