Hjem
Semesterstart 2018

Her er dei nye studentane våre

750 nye MatNat-studentar fekk ein varm velkomst i Grieghallen og på sin nye studieplass. 

Hovedinnhold

Tradisjonen tru vart dei nye studentane helst velkomne av dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Helge K. Dahle. 

Møt de nye studentene

Produsent:
Asbjørn Leirvåg

Møt nokon av dei nye studentane våre her!

Dahle ynskte dei nye studentane lukke til på den spanande reisa eit studieløp er.

– Starten på eit universitetsstudium er for dei aller fleste ei stor endring i livet. Som student ved universitetet er det større krav til å vere sjølvstendig enn som elev i skulen. De vil møte nye sosiale forventingar, andre læringsmetodar, og nettopp andre krav til eigenlæring og eigeninnsats, sa han til studentane som hadde møtt opp i Grieghallen den 13. august. 

Semesterstart 2018, mottaking i Grieghallen

Dei 750 nye studentane vart tekne imot i Grieghallen.

 

Fredag 10.08 starta dei internasjonale studentane studieåret sitt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Møt nokon av dei i denne videoen:

Our international students 2018


 

Det å studere realfag ved Universitetet handlar om å utvikle evna til å undre seg over naturen. For nokre av oss dreier det seg om å sjå og forstå det vakre i matematikken. For andre gir genetiske analysar av mikroorganismar gløtt inn i livets opphav og utvikling. 

Dekan Helge K. Dahle

 
Semesterstart 2018

Nye studentar kjem til Realfagbygget.