Forskarane og forskingsmiljøa våre bidreg til utvikling av den rettsvitskaplege forskingsfronten.
Berekraftig utvikling av samfunnet og ny teknologi krev nye rettslege løysingar. Vi skal styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar.
Vi forskar på dei sentrale rettsområda som inngår i det femårige masterprogrammet i rettsvitskap, for slik å sikre forskingsbasert utdanning innan så vel privatrettslege som offentlegrettslege emne. Vi skal samstundes styrke forskinga på fagområde som peikar seg ut som særleg viktige både for rettsvitskapen og i eit samfunnsperspektiv.
Med tre faglege tyngdepunkt skal vi utvikle kvaliteten på forskingsaktiviteten generelt, og gje grunnlag for å løyse viktige samfunnsutfordringar. Dei faglege tyngdepunkta er område som det skal leggast særleg vekt på å utvikle, og dei skal vere instrument i oppbygginga av og rekrutteringa til det samla forskingsmiljøet.
Det faglege tyngdepunktet Klima- og energirett vil ta utgangspunkt i det sterke tverrfaglege miljøet som er utvikla i samarbeid med UiB si satsing på klima og energiomstilling. Dette er eit felt som på ein særskilt måte svarer på sentrale samfunnsutfordringar som klimautfordringa og trongen for kunnskap og regelutvikling for å sikre ei berekraftig utvikling. Det er eit mål at fagmiljøet skal utvikle seg til eit senter i løpet av strategiperioden.
Det faglege tyngdepunktet Rettsstat og internasjonalt rettssamarbeid skal løfte dei prinsipielle perspektiva i styrking av rettsstaten aleine og i samarbeid med andre statar. Utviklinga i Europa der rettsstatar blir nedbygt og avtalar sagt opp, har skapt etterspurnad etter rettsstatleg grunnforsking og gode modellar for rettssamarbeid. Det veletablerte fagmiljøet på feltet skal ta sikte på å bli eit nordisk kunnskapssentrum for forsking og forskarutdanning i løpet av strategiperioden.
Det faglege tyngdepunktet Rammevilkår for næringsverksemd og nyskaping skal vidareutvikle samarbeidet med økonomiske og teknologiske forskingsmiljø. For å utvikle eit teknologi- og kunnskapsbasert samfunn som kan bere kostnadane med rettsstaten og velferdssamfunnet og gjennomføre det grøne skiftet, er det nødvendig å skape gode rettslege rammevilkår for nyskaping og initiativ. Kunnskap om komplekse nasjonale og internasjonale regelverk er avgjerande for å kunne realisere dette. Det fleirfaglege samarbeidet på feltet dannar grunnlaget for å finne gode og framtidsretta løysingar for regulering av ny og sjølvlærande teknologi.
Ambisjonar mot 2030
- Vi skal ha ein akademisk kultur for fri fagleg samtale og kritikk, og vere del av den internasjonale forskingsfronten
- Vi skal dyrke ein nyskapande og samfunnsrelevant rettsvitskap, og ha god dialog med omverda og andre vitskapar
- Vi skal både publisere på norsk og i kanalar på høgt internasjonalt nivå
- Vi skal auke vår kompetanse om teknologiutvikling og digitalisering på tvers av rettsdisiplinar og faglege tyngdepunkt
- Vi skal ha ei forskarutdanning på høgt internasjonalt nivå som bygger rettsvitskapleg kjernekompetanse og inviterer til å utforske teoretisk og metodologisk mangfald
- Vi skal auke eksternfinansieringa for å utvide forskingskapasiteten til fagmiljøa
- Vi skal fremje kunnskapen om, og forståinga av, forskingsetikk og fagleg integritet
- Vi skal synleggjere verdien av rettsvitskapleg forsking for samfunnet gjennom målretta kommunikasjon av og om forskinga ved fakultetet