Hjem
Det juridiske fakultet
Nyhet

Undervisning ved National Law University Delhi (NLUD)

Bjørnar Borvik fra Det juridiske fakultet har nyleg undervist ved National Law University Delhi (NLUD).

Hovedinnhold

Samarbeidet med National Law University Delhi (NLUD) vart initiert i 2015 og i oppbyggingsfasen har fakultetet fått midlar for SIU til å gjennomføra ulike aktivitetar for å utvikla relasjonen. I løpet av opphaldet opplevde Bjørnar Borvik at National Law University Delhi vurderer samarbeidet med juridisk fakultet i Bergen som svært viktig, og dei ønskjer å invitere fleire frå Bergen til Delhi for å forelese. Det kan vere aktuelt både at våre folk held nokre einskildforelesingar i emner som inngår i deira gradsprogram, og det kan vere aktuelt å tilby såkalla certificate courses, som Bjørnar har gjort denne gongen.

Forelesningar ved NLUD
Borvik har halde kurset European civil and political human rights med 24 forelesingstimar i løpet av ei vekes tid. Det var stort sett mellom 15 og 20 studentar som møtte opp til forelesingane. Studentgruppa var samansett, med alt frå studentar på 2. studieår til ph.d.-studentar. Borvik fortel at dei indiske studentane var nokså lette å involvere i undervisninga, dei stiller spørsmål og kommenterer på eige initiativ.

I etterkant av kurset har studentane no hatt ein to-dagars heimeksamen, og denne skal sensurerast før studentane får utstedt kursbevis.