Hjem
Det juridiske fakultet
Få internasjonal erfaring under studietida:

Slik blir du advokat med Kina som spesialfelt

Gaute Hellenes Grov brukte studietida ved UiB til å fordjupe seg i kinesisk rett. Det ga han jobb som advokatfullmektig hos Wikborg Rein.

Utdannet seg til advokat ved UiB: Gaute Hellenes Grov
Jusstudent Gaute Hellenes Grov nytta seg av tilbodet ved UiB, og dro til Kina og Hong Kong mens han studerte rettsvitskap ved Det juridiske fakultet. Med den internasjonale erfaringa på CV-en har han fått jobb i advokatfirmaet Wikborg Rein, der han arbeider med oppkjøp og fusjonar.
Foto/ill.:
Ida Bergstrøm/UiB

Hovedinnhold

- Juss er så heilskapleg. Ein må forstå meir enn det ein skriv om, seier Gaute Hellenes Grov.

Våren 2019 leverte han masteroppgåva i rettsvitskap ved UiB. Samtidig som han har studert juss ved UiB, har han skaffa seg spesialkompetanse på Kina og kinesisk rett. Han dro først på utveksling til Renmin University i Beijing. I august 2018 dro han til Hong Kong i samband med masteroppgåva. No har han starta i jobb som advokatfullmektig ved Wikborg Rein, der han arbeider med oppkjøp og fusjonar relatert til kinesiske verksemder. Ved Wikborg Rein kom han inn i eit fagfellesskap av juristar med spesialkompetanse på Kina.

Kultur lærast ikkje på lesesalen

At han har kunnskap om kinesisk rett og kultur er nyttig når ein skal legge til rette for kontraktar mellom kinesiske og norske selskap. Skal ein jobbe med juss på eit internasjonalt nivå, må ein også kunne dei kulturelle kodane. Kulturforskjellar kan overkommast med velvilje og kunnskap. Eller dei kan bety slutten på heile samarbeidet.

- I Norge er det heilt vanleg at verksemder går til ein domstol for å få noko avklart. I Kina kan dette markere slutten på eit langvarig forretningsforhold, seier Grov.

I arbeidet med masteroppgåva intervjua han kinesiske advokatar og dommarar, samt kinesiske professorar med utdanning frå eliteuniversitet i USA.

– Hovudforskjellen mellom Kina og Norge er at Kina ikkje opererer med eit maktfordelingsprinsipp, noko kinesiske myndigheiter er heilt opne om. Det kinesiske kommunistpartiet ligg over både den utøvande og den dømmande makta i hierarkiet, noko som fører til at politiske mål effektivt kan bli gjennomført.

  • Vil du søke om reisestøtte for å skrive masteroppgåve med innslag av kinesisk rett? Søknadsfrist 15. oktober. Les meir her.

Kontinentet Kina

Etter to utvekslingsopphold snakkar han litt kinesisk. Grunnlaget fekk han ved UiB.

– Eg kan det mest nødvendige: Det har vore learning by doing. No kan eg snakke om grunnleggande juridiske spørsmål, bestille billettar, og kome meg rundt. Men intonasjonen er krevjande å få til, og skriftpråket er ein litt hard kode å knekke, seier Grov.

– Kina er så stort, og er på mange måtar meir eit kontinent enn eit land. Ulike provinsar har ulike språk. Dei ulike provinsane har den same lova, likevel finst det store forskjellar i korleis den blir forvalta. Sjølv om dei har eit anna system og ein annan rettskultur, er dei flinke til å grunngje og forklare dette på ein måte som gjev meining, seier Grov.

Han har eitt klart råd til UiB-studentar som skal på utveksling til Kina: Ta kontakt med kinesiske studentar.

- Folk kan vere ganske sjenerte, så vil ein få ei breiare forståing av språk og kultur, må ein sjølv vere frampå. Du får verken språk eller kulturforståing intravenøst.

Chinese Law Summer Program (CLSP)

Kvart år reiser fleire studentar frå Bergen til Beijing eller Shanghai. Dei lærer om kinesisk rett, kinesisk kultur, og kjem heim med ein utvida erfaringshorisont.

Produsent:
André Kvalvågnes