Aldri før har så mange jusstudentar valt forskarlinja
Erfaring med forsking. Ro til å fordjupe seg i eit sjølvvalt tema. God oppfølging frå fakultetets tilsette. Dette ventar det rekordstore kullet studentar som denne hausten starta på Forskarlinja.
Hovedinnhold
– Forskarlinja har i 2020 hatt rekordmange søkarar. Difor kunne vi ta opp 16 studentar, som er det største kullet hittil, seier professor Synne Sæther Mæhle, emneansvarleg ved forskarlinja og professor ved Det juridiske fakultet.
Alle studentane på forskarlinja skriv såkalla stor masteroppgåve, JUS397 Forskerlinje (70 sp). Dei fire masterstudentane er klare i si vurdering: Som student på forskarlinja får du muligheiter.
– Dersom eg skal søke på stipendiatstillingar seinare, gir denne erfaringa meg litt meir innsikt i korleis det faktisk er å forske, seier Dina Calligaro Ingebrigtsen.
Tid til å tenke
Til liks med Ingebrigsten ønskte Håvard Holsen seg tid til å tenke og fordjupe seg i ei større oppgåve.
– Som ny i arbeidslivet er det ikkje gitt at du får verken mykje tid eller ansvar når du blir sett på eit prosjekt. På forskarlinja får vi anledning til å verkeleg fordjupe oss ei eit rettsleg problemstilling, seier Holsen.
Eit eksternt seminar var det som skulle til for å vekke Mathias Rasmussen si interesse for den rettslege reguleringa av havbruk. Han var difor glad for å finne ut at han kunne fordjupe seg i emnet på forskarlinja.
Han er også vitskapleg assistent på eit forskingsprosjekt om havbruk, som er leia av UiB-professor Ernst Nordtveit.
Fagleg fellesskap
Undervisninga på forskarlinja skjer dels gjennom individuell rettleiing, dels gjennom workshops og seminar. Som forskarlinjestudentar skal dei få vere ein del av eit fagleg fellesskap med dei vitskapleg tilsette i forskargruppa si.
– Dei som arbeider på fakultetet har tatt svært godt i mot oss. Eg opplever at dei alle har dørene opne om det er noko vi treng hjelp til eller ønsker å diskutere, seier Rasmussen.
Studentane vil arbeide med si eiga masteroppgåve, men dei vil også kunne vere ein aktiv del av eit større forskarfellesskap og fagfelt, til dømes i forskargruppene ved fakultetet.
Muligheita til å delta i ei forskargruppe motiverte også Jakob Mykland Revheim til å søke.
– Eg hadde ikkje så lyst til å sitte og skrive masteroppgåve aleine. Utsiktene til miljømessig og fagleg utbyte og tilknyting fekk meg til å søke forskarlinja, seier Revheim, som skal skrive masteroppgåve om §3.11 i Straffelova som regulerer Fremstilling av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn.
– Rettsvitskapleg og filosofisk er dette problemstillingar som har fleire lag og potensielle diskusjonar i seg. Samtidig ser eg at det er eit tema som det kan vere utfordrande å arbeide med i eit heilt år. Slik sett er eg glad for å kunne delta i ei forskargruppe, seier Revheim. Han har professor Jørn Jacobsen som ein av rettleiarane til prosjektet.
Sæther Mæhle anbefaler alle som er interesserte i å søke om opptak til forskarlinja 2021 alt no om å ta kontakt for å få vite meir om opptak, eller diskutere mulige prosjekt for masteroppgåva.
Les også: Forskerlinjen ved UiB, en døråpner til en god karriere