Ny og større utgåve av Comparing Legal Cultures
Boka Comparing Legal Cultures er redigert av jussprofessorane Sören Koch og Jørn Øyrehagen Sunde, og gir ei unik oversikt for alle som arbeider med internasjonal rett.
Hovedinnhold
- Den utvida og reviderte utgåva av boka Comparing Legal Cultures formidlar kunnskap om globalisering av rettskultur, samt eit teoretisk rammeverk for å bruke rettskulturell informasjon som grunnlag for komparative analyser, seier Sören Koch.
Boka er utgitt på Fagbokforlaget, og ei av dei største bøkene om komparativ rett som er utgitt.
Den nye utgåva er eit resultat av aktivitetane i Forskargruppa for rettskultur, som har eksistert sidan 2011. Forskargruppa har etablert eit stort internasjonalt nettverk, noko som har gjort det mulig å få bidrag til boka frå mange delar av verda. Med bidrag frå 25 forfattarar frå 15 ulike nasjonar gir den ein oversikt over rettskulturar frå hele 15 ulike land.
Pensum i Norge og utlandet
Boka er retta mot studentar, sakshandsamarar, advokatar, dommarar og alle som er involverte i lovgjevingsprosessen, og er å finne på pensum ved fem norske utdanningsinstitusjonar; UiT, UiA, UiS, INN og UiB. Den er også brukt i undervisninga på følgande utanlandske institusjonar: Universitas Autonomia Madrid, Spain; University of Aberdeen, University of Edinburgh, UK, University of Gdansk, Poland, University of Vienna, Austria, University of Bochum, Germany, University of Tartu, Estonia; University of Uppsala, Sweden.
I tillegg til redaktørane er Esmeralda Colombo, Christian Franklin, Marius Mikkel Kjølstad og Lars Kvestad blant forskarane som har bidratt til boka.
- Håpet vårt er at boka blir eit standardverk for komparativ rett ikkje berre i Norge, men også i fleire land, seier professor Sören Koch.