Hjem
Det juridiske fakultet
VENEZIAKOMMISJONEN | EUROPEISK RETT

Holmøyvik rapporterer om nederlandsk trygdeskandale

Professor Eirik Holmøyvik er varamedlem i Veneziakommisjonen. Denne veka reiser han til å Venezia for å gjennomgå den rettslege handsaminga av ei stor trygdeskandale i Nederland, som kan minne om vår eigen NAV-sak.

Eirik Holmøyvik. Veneziakommisjonen.
Professor Eirik Holmøyvik har vore rapportør på fleire av Veneziakommisjonen sine møter. Blant anna var han rapportør på kommisjonen sitt innlegg til Den europeiske menneskerettsdomstolen i storkammersaka Mugamentango mot Belgia i 2020, som handla om klageordningar ved parlamentsval.

Hovedinnhold

Sidan 2016 har professor Eirik Holmøyvik ved Det juridiske fakultet, UiB, vore møtande norsk varamedlem i Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgiving (Veneziakommisjonen). Denne veka reiser han til kommisjonen for å komme med innspel i ei rekke saker, 15. og 16. oktober.

Kva er dei store sakene som blir tatt opp? 

– På dette møtet skal Veneziakommisjonen behandle fleire viktige rapportar. Ein av dei evaluerer det rettsstatlege rammeverket i Nederland etter ei massiv trygdeskandale, som førte til at regjeringa måtte gå av tidlegare i år. Denne saka har fleire fellestrekk ved vår heimlege NAV-skandale.

– Ein annan viktig rapport gjeld grunnlovsendringar i Serbia om organiseringa av domstolane. To rapportar om Ungarn vurderer endringar i vallovgivinga og i organiseringa av domstolane, noko som naturleg nok er sensitive spørsmål. Andre rapportar gjeld Storbritannia, Slovakia, Albania, Ukraina og Nord-Makedonia.

Kan du seie noko om di rolle på møtene?

– For meg blir det relativt travelt. Eg er rapportør både på den store rapporten om Nederland, og på eit innlegg til konstitusjonsdomstolen i Albania om tolkinga av den albanske grunnlova. Det betyr ein del møteverksemd før og under plenumssesjonen.

Kva håper du å bidra med?

– Fyrst og fremst handlar det om å få vedteke dei to rapportane eg har vore med på å skrive. Deretter handlar det om å kome med innspel på andre rapportar.