GOVLAND-prosjektet er avslutta
Prosjektet GOVLAND er avslutta etter fem år. Vi har intervjua prosjektleder professor Ingunn Myklebust om prosjektet sine aktivitetar, suksessar og om vegen vidare.
Hovedinnhold
Forskingsprosjektet GOVLAND har sett på rettsleg styring av tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompetanse i arealforvaltinga. Prosjektet har også sett på private aktørar si rolle, og samspelet mellom offentleg og private aktørar ved arealplanlegging og utbyggingsavtalar. Prosjektet starta i 2016 og har hatt ei kostnadsramme på nær 9 millionar kroner over fem år. Prosjetet er nå avslutta, etter planen. I den forbindelse har vi intervjua prosjektleder professor Ingunn E. Myklebust ved Det juridiske fakultet.
Kva er det viktigaste de har oppnådd med prosjektet sidan oppstart i 2016?
Det viktigaste vi har oppnådd direkte gjennom prosjektet er å få ein ny Phd-kandidat i rettsvitskap som er finansiert med midlane frå dette prosjektet. Siv Elén Årskog Vedvik disputerte med avhandlinga om motsegn, kommunalt sjølvstyre og statleg styring, juss og politikk, ved Det juridiske fakultet, UiB, den 15. mai 2022. Dette er eit svært nyttig og viktig arbeid både for utvikling av plan- og bygningsrett som ein akademisk disiplin, og som vegvisar for det praktiske rettslivet.
Når det gjeld doktorgradsavhandlingar ved UiB, vil eg samstundes trekkje fram Stina Ellevseth Oseland, sjølv om vi naturlegvis ikkje skal ta så mykje av ære for hennar karriere- eller akademiske titlar. Eg vil likevel nemne at Stina som stipendiat var rettleia av samfunnsgeograf og professor Håvard Haarstad, som er partnar i GOVLAND-prosjektet, og at Stina dermed også vart trekt inn i diskusjonar og møter i dei innleiande delane av prosjektet som ein del av samarbeidet mellom Det juridisk fakultet og Senter for klima og energiomstilling (CET).
Seinare har Stina fått den prestisjefylte stillinga som ny klimadirektør i Bergen kommune og disputerte nyleg med avhandlinga «Planning to transform" som gjeld administrative og politiske prosessar i samband med utarbeiding av nye klimaplanar i Bergen, Trondheim og Stavanger, ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, UiB, den 18. mars 2022. Som sagt skal vi altså ikkje ta noko ære for dette, men i det minste så er vi ein del av Stina sin heia-gjeng.
Så er det også litt stas at Martin Lie Hauge og Matias Justvik, som begge skreiv gode masteroppgåver tidleg i prosjektet, seinare har trådd inn i ulike viktige stillingar der dei har fått stor nytte for kunnskapen som dei har utvikla gjennom prosjektet. Så er det også kjekt at dei begge også etter at eigne masteroppgåver har vore ferdige og leverte, har vist interesse for dei gjenståande delane av prosjektet, og på den måten, så og seie, har delteke med nyttige bidrag tilbake til prosjektet frå det praktiske rettslivet. På den måten føler eg at vi har utvikla konstruktive arena for fortsett samarbeid om, og utvikling av, plan- og bygningsretten.
Korleis har prosjektet utvikla seg undervegs?
I stor grad har prosjektet utvikla seg i tråd med planen. I alle fall viss vi tenkjer på kven som skulle bidra med artiklar og prosjekt, på kva tid og på kva måte. Den største utfordringa for organiseringa av prosjektet, har nok vore koronapandemien. Den har gjort at vi har reist noko mindre enn planlagt og hatt noko færre møter med eksterne partnarar enn vi truleg elles ville gjort. Eg trur uansett ikkje at det har hatt så veldig stor betydning for utviklinga i prosjektet, men så veit vi heller ikkje korleis eventuelt andre impulsar kunne ha påverka heile eller delar av prosjektet i andre retningar.
Har sampelet mellom kommunalt sjølvstyre, statleg styring og kontroll endra seg i Noreg etter at prosjektet starta?
Ja, det har det, og dette kan det seiast mykje om, så her får det halde med ein kortversjon. Vi har for det første fått endringar i lovverket som opnar for at kommunane kan saksøkje staten med påstandar om til dømes lovtolkingsfeil eller usaklege vedtak, som i alle fall tydeleggjer at kommunen kan ha sterke «eigeninteresser» i saker mot staten.
Vidare har vi fått ny kommunelov, som for første gong trekkjer fram «det kommunale sjølvstyret» og reglar om at kommunen sin kompetanse i saker som gjeld kommunal forvaltning ikkje skal avgrensast meir «enn nødvendig», som også kan seiast å tydeleggjere ei form for rollefordeling mellom forvaltningsnivåa, som eventuelt også kan påverke maktbalansen mellom stat og kommune.
Vi har også fått fleire endringar i plan- og bygningslova, med til dømes reglar om krav til grunngjeving av motsegn, som kan verke inn på dei formelle prosessane, men som dermed i praksis også kan påverke både talet på saker og maktbalanse. Endå viktigare enn endringar, eller justeringar, i lovene er kanskje endra politiske føringar frå Regjeringa og departementa om korleis ein meiner makta skal liggje i ulike saker, og i hovudsak slik at kommunane skal ha større handlerom i det ein definerer som kommunale tilhøve. Eg kan røpe av det i løpet av prosjektperioden har blitt færre årlege saker om motsegn, samstundes som at kommunane også får medhald i fleire saker enn før. Dette skuldast nok eit samverke mellom endring i lover og endringar i politiske signal. For eit meir utdjupande svar på dette spørsmålet som du stiller her, så viser eg deg til Siv Elén si doktoravhandling som nettopp avklarar kva det kommunale sjølvstyret er, og korleis rommet for dette kan påverkast av endringar i både lover og politiske føringar.
Har prosjektet bidratt til å endra dette samspelet?
Ja, det trur eg vi har. Det tek ofte tid å påverke ei samfunnsutvikling, og påverking skjer som vi veit gjennom mange kanalar, som til dømes akademiske artiklar, diskusjonar i akademiske, og meir samansette kompetansemiljø, førelesingar for studentar med meir, men også gjennom slikt som til dømes høyringssvar på lovendringsforslag. Av og til kan ein nyttig måte å påverke i utviklinga av samfunnet, og systemet for offentleg styring av areal- og ressursar, vere å stå saman i eit større akademiske fellesskap mot ein vind som bles i feil retning, sjølv om resultatet er status quo. Akademiske påverking er altså ikkje berre å få til endringar, men også å ta vare på viktige verdiar som vi har, som kjem under press.
Eit praktisk døme eg kan trekkje fram er lovforslaget frå 2020 om endringar i plan- og bygningslova som skulle gi kommunane vidare fullmakter til å dispensere frå lov- og planvedtak, også byggjeforbodet i 100-metersbeltet, men der dei kontroversielle sidene av dette lovforslaget vart skrella vekk i departementet. Sjølv om ein her, som elles, vanskeleg kan vite sikkert kva som har vore utslagsgivande for dei vala som lovgivar endeleg tok, så heiter det i odelstingsproposisjonen, at ein ved skrinlegging av forslaget har merka seg den store motstand mot lovforslaget, der også høyringa frå Det juridiske fakultet, UiB, er trekt fram som ein del av vurderingsgrunnlaget. (Sjå Prop. 169 L (2020-2021) og s.44 og s.42.)
På den måten har vi kanskje gjennom artiklar, avisinnlegg og høyringar, vore ein sentral del av grunnlaget, saman med også sentrale andre aktørar, også Sivilombodet, som har gitt viktige bidrag for å verne om strandsona, og slikt som plante, fugle- og dyreliv og premissane for friluftslivet. Det har vore fleire slike vindar i retning av ønskje om forenkling av dispensasjonsprosessar, som kan føre til «bit for bit» nedbygging, og fleire vindar er varsla.
Kan du seie litt om kva de har fått ut av samarbeidspartnerane, både private, offentlege og utanlandske?
Plan- og bygningsrett er ein veldig praktisk retta juridisk disiplin, og det seiast at plan- og bygningslova er den lova som får flest «klikk» i lovdata, kvar dag. Eg har ikkje sjekka, men tviler ikkje på at det stemmer. Det er difor heilt avgjerande at vi som skal forske på, og skrive artiklar i prosjektet, har hatt tett samarbeid med samfunnsvitarar som har utarbeida rapportar og empiri om korleis lova blir forvalta i kommunane, men også sjølve har direkte konktakt med representantar for private, som t.d. advokatar og forvaltninga, både stat, region og kommune, som kan gi oss døme på saker, som reiser meir prinsipielle rettslege problemstillingar.
Det vil har fått ut av samarbeidet med partnarar og andre her, er heilt uvurdereleg. Planrett som juridisk disiplin, fungerer i det heile ikkje i eit vakuum, der ein blir sittande åleine på eit kontor, men føreset at ein kan byggje rettslege strukturar rundt impulsar som kjem frå ei slik breidde av partnarar, der også utanlandske partnarar, kan bidra til å setje det norske systemet i ein kontekst. I tillegg til at prosjektet har hatt si gruppe av interne og eksterne partnarar, har kvar og ein forfattar i prosjektet, hatt behov for å knytte til seg også eit større kontaktnett.
Som nemnt har koronaepidemien ført til at det har vore noko færre reiser og møteverksemd, men i det store og det heile så har vi kome i mål med dei ulike delprosjekta. Vi har likevel klart å reise til saman, med litt ulik gruppesamansetning frå tur til tur, tre turar til Universitetet i Aberdeen for å besøke vår partnar der, professor i areal- og ressursforvaltningsrett Anne-Michelle Slater, og på den måten klart å stifte ei god kontakt der for å diskuterer korleis ulike spørsmål om forvaltning av areal- og ressursar kan bli løyst under ulike rettssystem.
I kva grad har samarbeidspartnarane og sektoren elers vist interesse for prosjektet?
Mi oppleving er at det har vore stor interesse for prosjektet, der vi m.a. er invitert til å snakke om ulike delprosjekt i ei heil rekkje av ulike fora og samanhengar. Eg vil ikkje gi meg ut på noko eksemplifisering her, men viser til Cristin og til nettsida vår GOVLAND, der i alle fall nokon av bidraga våre frå prosjektet har blitt notert. Så er det naturlegvis slik at fleire av oss er deltakar i fleire forskingsprosjekt, som kan likne på kvarandre i tema eller forskingsspørsmål, som til dømes at eg sjølv samstundes har vore partnar i PLANCOAST- prosjektet, leia av Knut Bjørn Stokke, NMBU (som også er partner i GOVLAND) og Katrine Broch Hauge, UiO.
Partnar, kollega og nestleiar i GOVLAND, Sigrid Eskeland Schütz har samstundes vore i ei heil rekkje andre forskingsprosjekt. Interessa og kunnskapen som er opparbeid gjennom GOVLAND kan på den måten nå ut til eit bredt publikum, samstundes som det, utanom rekrutteringspostane, kan vere litt vanskeleg å identifisere om ei interesse knyt seg til eit prosjekt, ein person eller ein ide.
Kor går vegen vidare?
Det blir spanande å sjå. Eg vel å tru at det samarbeidet innanfor planretten, både som juridisk og tverrvitskapleg akademiske disiplin, som har fått ein oppsving som følgje av tilrettelegging gjennom midlar frå Forskningsrådet no vil halde fram i uminka styrke.
Så ønskjer eg også å få til liknande prosjekt med midlar frå Forskingsrådet eller anna finansiering ved eit seinare høve. Gjennom GOVLAND har vi identifisert fleire forskingsspørsmål som vi vil sjå nærare på, samstundes som vi også har stifta kontaktar som vi ønskjer å dra med vidare ved søknadar om nye utlysingar. Meir enn det vil eg ikkje røpe, og intervjuet har sikkert blitt langt nok som det er. Det viktigaste ved slike prosjekt, som eg har vore inne på før i dette intervjuet, er å få midlar som kan sikre meir rekruttering til fakultetet.