Hjem
Det juridiske fakultet
Minneord

Minneord over Ingrid Marie Myklebust

I byrjinga av september fekk vi den ufatteleg triste beskjeden om at Ingrid Marie er død.

Hovedinnhold

Ingrid Marie byrja å studere juss hausten 2013. Seinare gjekk ho på fakultetet si forskarlinje. Frå 2019 var ho stipendiat og skreiv doktoravhandling om dobbeltforsikring. Tematikken er enkel: éin skade er dekka gjennom fleire forsikringar, men den rettslege reguleringa er innfløkt. Såleis høvde den for Ingrid Marie. Ho var fagleg sterk, og hadde mellom anna sommarjobb i juridisk utgreiingseining i Høgsterett.

Ingrid Marie var frå Oldedalen i Nordfjord, og ho var stolt over røtene sine. Dei som var tilhøyrarar då ho haldt foredrag eller innlegg, fekk erfare at ho ofte nytta bilete frå heimstaden. Dei som ikkje har vore i Oldedalen, kan oppleve staden gjennom filmen «Fedrelandet.»

Nordfjord er kjent for å fostre framifrå juristar, og vi har mange frå trivselsfylket ved fakultetet. Dei er også flinke til å halde på språket, slik som Ingrid Marie. Ho var målkvinne og aktiv i Juristmållaget.

I forkant av at vi skulle halde ei samling på fakultetet for å minnast Ingrid Marie, formidla far hennar at Ingrid Marie hadde det godt på fakultetet og at hennar største draum var å forske og undervise. Det var raust av faren å dele dette midt oppe i si eiga sorg. Familien har vår djupaste medkjensle, og vi tenker på foreldre, besteforeldre og søsken. I sorga vert kva som hender på fakultetet heilt ubetydeleg, men det gjorde godt å høyre frå faren at Ingrid Marie var så glad i alle ved fakultetet.

Den gleda var gjensidig. Slik sett var det enkelt å skrive desse minneorda fordi det er så mykje fint å seie om Ingrid Marie. Ho var unik, og vi hadde ingen som henne. Ho hadde eit stort smil, og som nokon sa: «Ho lo også på innpust». 

Ingrid Marie var ei sosial drivkraft. Sjølv då ho var sjukemeld var ho nesten dagleg på fakultetet. Ho var aktiv i turgruppa. Eg veit at ho hadde sett fram til å invitere mange kollegaer på tur i sommar på Lodalskåpa, men turen måtte diverre avlysast grunna vestlandsvêret.

Når fakultetet mister ein tilsett, vil vi ofte tenke på det akademiske tapet. Det gjer vi sjølvsagt også. Vi har mista eit stort forskartalent. Uansett kor glade vi juristar er i faget, så finst viktigare ting i livet. Ingrid Marie minna oss på dette. Som rettleiar sa under minnestunda: Ingrid Marie var «ikkje redd for å dele det vanskelege ho kjende på, og ho delte det på ein forbilledleg måte. Det var så naturleg og så trygt når Ingrid Marie snakka, både om det gode, og om det vanskelege.» Og som ein stipendiatkollega sa: «Ingrid Marie var raus, og løfta dei kring seg utan tanke på kva som var i det for seg sjølv.»

No har hjartet til Ingrid Marie slutta å slå, men varmen frå hjartet hennar er med oss vidare. Ho var eit unikt medmenneske. Fred over hennar minne! 

På vegne av vener og kollegaer ved Det juridiske fakultet,

Karl Harald Søvig