Hjem
Det juridiske fakultet
studiestart hausten 2010

Internasjonalt innrykk på Dragefjellet

- Noreg er ganske eksotisk for oss søreuropearar seier Pedro Leal, ein av dei ferske utvekslingsstudentane ved Det juridiske fakultet.

Hovedinnhold

Fakultetet ventar 62 nye internasjonale studentar dette semesteret, frå heile 14 ulike land.

Mange av dei er allereie i Bergen og går frå informasjonsmøte til førelesingar, deltek på fadderveke og Bergen Buddy programmet, og forsøkjer samstundes å orientere seg i ny by.

Utforsking av det ukjende

Italienske Lisa Gibellino (22), franske Alexandra Guidicelli (19) og spanske Pedro Leal (25) synes Noreg er svært ulikt deira respektive heimland.

- Noreg er ukjend terreng for oss, er forklaringa deira på kvifor dei har vald å studere eit semester eller to ved UiB.

- Ein tenkjer aldri på å reise på ferie til Noreg, seier Lisa, og legg til at ein heller ikkje høyrer mykje om landet i nyhendene.

Eventyr i byfjella

Alle tre nytta dei første dagane i Bergen som turistar.

- Bergen er heilt nydeleg, er dei skjønt einige om, og er svært nøgde med val av studiestad, så langt.

- Men, hjelp, så dyrt det er her!

- Vi kom til Noreg også på grunn av klimaet, seier jentene. Jau, det er heilt sant! Berre sjå på oss, vi er veldig lyse i huda, ler dei.

Alexandra har allereie gått over Vidden, ein av dei mest populære turane i Byfjella rundt Bergen. Å "gå Vidden" minst ein gong i løpet av studietida er obligatorisk for alle studentar i Bergen, men dei fleste snakkar nok berre om å gjere det.

- Vi gjekk i heile sju timar, for vi gjekk oss vill der oppe på fjellet. Vi gjekk tom for mat og drikke og blei ganske solbrende, innrømmer ho. Sjølv om turen vart i overkant spanande, var ho overvelda over den fantastiske naturen.

Store forventingar til jusstudia

Alle håpar dei på å få norske vener. Dei har høyrd at det kan vere litt vanskeleg, men dei planlegg å tilbringe mykje tid på universitetet og kanskje bli med i ein studentorganisasjon. Pedro, som kom nokre dagar før jentene kan forsikre dei om at han allereie har møtt bra folk.

Utvekslingsstudentane er imponert over velkomsten dei har fått ved universitetet, all informasjonen dei har fått og hjelpa dei har blitt tilbode.

- Universitetet i Bergen verkar veldig organisert og effektivt, og folka er så hyggelege og hjelpsame. Det verkar som om du kan få hjelp til absolutt alt, utbryt Lisa. – I Italia er alt berre kaos, ler ho.

Dei gler seg til å kome i gong studia og synest det er positivt at det er så få studentar på kvart kurs. Dei har dessutan smugkika i undervisningslokala og meiner det er bra dei er så små. Det inviterer meir til dialog og diskusjonar enn store førelesingssalar som dei er van med heimafrå, seier dei.

- Men hey, la oss ta ein ny prat om fire månader, så vil vi fortelje korleis vi har hatt det, foreslår Alexandra, medan ho spring i veg til si første førelesing.