Hjem
Det juridiske fakultet
Ny æresdoktor

Auge for den internasjonale familien

Maarit Jänterä-Jareborg er ein av dei heldige som har opplevd at karrierevegen ho valde som ung, berre er blitt meir aktuell og interessant med tida. 25. januar fekk ho tildelt sitt æresdoktorat ved UiB.

Maarit Jänterä-Jareborg
Maarit Jänterä-Jareborg.
Foto/ill.:
Kjerstin Gjengedal

Hovedinnhold

Tekst: Kjerstin Gjengedal

- No skal eg berre lene meg tilbake og nyte det, er det ikkje det æresdoktorar skal gjere? ler ho. Jänterä-Jareborg skulle eigentleg delteke ved doktorpromosjonen i august i fjor, saman med dei seks andre nye UiB-æresdoktorane som vart utnemnde då, men eit uhell hindra henne i å kome. Først no fekk ho sitt diplom og sin ring.

Det er internasjonal privatrett som har vore hennar store faglege interesse. Jänterä-Jareborg gjekk på diplomatskule som barn og vart interessert i dei internasjonale familiekonstellasjonane ho såg kring seg. Det var likevel ikkje lett å spesialisere seg i internasjonal familierett heime i Finland. Ho drog til Uppsala for å ta doktorgraden, og vart verande i Sverige. Der har ho bygd seg opp ei omfattande forskarkarriere, og er dessutan mykje brukt som ekspert til offentlege utreiingar og til internasjonale oppdrag. Ho konstaterer at feltet er blitt særs aktuelt sidan ho starta karriera si. Når mor, far og kanskje også barn kjem frå kvart sitt land, kva for reglar skal då regulere tilhøvet mellom dei?

Kjem uventa på domstolane

- Alle kjenner nokon som er gift, sambuande eller har barn med ein utlending, eller som har røter i eit anna land. Domstolane møter stadig oftare forventingar om å ta omsyn til andre land sine rettsreglar, og det fører gjerne til kontroversar, fortel ho.

Mange av problemstillingane det moderne samfunnet fører med seg, er nye og uventa for jussen og domstolane. Ho nemner eit døme frå 80-talet, då ei svensk offentleg utreiing gjekk inn for at ekteskap skulle kunne inngåast berre ved å sende inn eit registreringsskjema, utan krav om ein offisiell vigselsseremoni.

- Mange juristar var begeistra for tanken, for det ville jo vere så enkelt! Dette var på den tida då talet på sambuarskap auka sterkt, og ein ønskte å gjere det så enkelt som råd for sambuarar å gifte seg. Men så vart det oppdaga at det fanst ei gruppe unge i samfunnet vårt som ikkje fekk velje livspartnar sjølve. Med ei slik registreringsordning ville samfunnet misse sjansen til å kontrollere at ekteskapet var friviljug. Ordninga føresette at samfunnsmedlemmane delte eit sams verdisyn, og det kunne ein ikkje vere sikker på, illustrerer ho.

Vil ha større toleranse

Danmark fekk også problem for nokre få år sidan, då regjeringa avgjorde å gje asyl til alle som hadde arbeidd som tolkar for danske styrkar under krigen i Irak. Ein av tolkane hadde to koner, noko som er lovleg i Irak, og han ønskte å ta begge konene med til Danmark.

- Danske styresmakter avgjorde at for å få opphald i Danmark, måtte mannen skilje seg frå den eine av konene. Familien valde til sist å heller reise attende til krig og uvisse i Irak.

Nordiske prinsipp blir sette på prøve når folk som følgjer heilt andre lover, brått treng vern i våre land. Jänterä-Jareborg meiner domstolane treng å utvikle større toleranse for at tilhøva faktisk er annleis andre stader i verda, og at ikkje alle deler skandinaviske verdiar.

- Saka med den irakiske tolken er jo heilt annleis enn om, til dømes, ein nordmann skulle reist til Irak med det føremålet å gifte seg med fleire koner. Det ville vere ei klar omgåing av lova. Irakaren gjorde ikkje det, han følgde lova i sitt eige land. Eg meiner sjølv at retten til privatliv og familieliv også må omfatte polygami når ekteskapa er lovleg inngåtte i det landet ein kjem frå.

Kva er religionsfridom?

Den siste tida er ho blitt stadig meir interessert i spørsmål som gjeld skjæringspunktet mellom jus og religion. Mellom folk frå ulike land finn ein gjerne ulike syn på kven som skal regulere familielivet – religiøse eller sekulære autoritetar. Korleis skal vi reagere dersom nokon krev at religionen deira må ha større autoritet enn lova? Det er ofte stor forvirring kring kva som er religion og kva som er juss, og denne forvirringa kan sjølvsagt misbrukast til manipulering, som når nokon hevdar at kvinners rettar må vere innskrenka av religiøse årsaker. Jänterä-Jareborg meiner det ikkje er tilstrekkeleg undersøkt kva religionsfridom eigentleg medfører, og ho synest det er tydeleg at nordiske politikarar er uvande med å tenkje prinsipielt kring slike spørsmål.

- Dette er eit veldig spennande felt fordi folk gjerne har svært bestemte, og diametralt motsette, oppfatningar. Skuldingar om kulturrelativisme og rasisme florerer, og det blir lett konflikter, også i akademiske krinsar. Mange juristar har eit litt klinisk syn på slike spørsmål, og så blir dei skulda for å vere postkolonialistiske og utan forståing for korleis ting artar seg ute i den verkelege verda. Eg tykkjer til dømes at lova bør tillate menneske å velje sjølve, men er det det same som å seie at alle val er like gode? Dette er vanskelege spørsmål, vedgår ho.

Jus er eit internasjonalt fag

Jänterä-Jareborg vart æresdoktor i Bergen etter tilråing frå Juridisk fakultet. Frå før er ho også æresoktor i Oslo og ved sin eigen alma mater i Helsinki. Ho trur det kjem av at jusforskarar i Norden kjenner godt til kvarandre sin kompetanse.

- Nordiske forskarar samarbeider om konferansar og i forskargrupper. Ein trur gjerne at jus er eit nasjonalt fag, men det er det ikkje. Vurderingane som må gjerast, er dei same på tvers av landegrenser. I dag er jusen inne i ein sterk internasjonaliseringsprosess, og den som vil forske, må reise ut og gjere seg kjend med andre lands system. Den internasjonale dimensjonen må inn i utdanninga også, og der har det skjedd mykje. Mange av studentane vil jo bli advokatar, og skal ein kunne gjere sitt beste for klienten, lyt ein kjenne til andre land sine rettsreglar, hevdar ho.

Innanfor EU er privatrett på tvers av landegrenser blitt eit prioritert område. Men EU må heile tida respektere medlemslanda sin nasjonale identitet, og så langt har EU difor ikkje fått røre dei einskilde landa sin privatrett. På same tid er det sett i gang mange forskingsprosjekt der ein går igjennom og samanliknar privatretten, område for område.

- Det er blitt svært tydeleg at nokre land, først og fremst dei nordiske, har ei liberal lovgjeving, medan andre land heng etter. Slike prosjekt interesserer politikarane også, og som forskar kan ein difor få stor påverknadskraft, seier ho.