Hjem
Strategiarbeid - Det juridiske fakultet
INNSPEL | STRATEGI

Ope brev til strategiutvalet fra leiaren for ph.d.-programmet

Innspel til strategiarbeidet frå leiar for phd-programmet, professor Jørn Jacobsen.

Jørn Jacobsen
Professor Jørn Jacobsen er leiar for Ph.D.-programmet, Det juridiske fakultet, UiB
Foto/ill.:
UiB.

Hovedinnhold

Innleiingsvis er det grunn til å seie at der er mykje verdifullt i utkastet til det utkastet til strategi for Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen, som vart sendt ut til diskusjon i førekant av Solstrandseminaret 10. og 11. januar 2023. Det er få punkt som det er grunn til å vere veldig ueinig i.

Ph.d.-programmet er omtalt i strategien. Det har dei siste åra vore gjort mykje arbeid av dei involverte, for tida av dei som utgjer ph.d.-sekretariatet ved fakultetet, med tanke på å styrke programmet for å gje våre stipendiatar – som representerer den framtidige generasjonen av forskarar og leiarar ved fakultetet – enno betre utgangspunkt og rammer for forskinga si. Det arbeidet held fram, på stadig nye punkt. Nokre av forbetringspunkta er likevel så spesifikke at det ikkje er grunnlag for å be om at dei vert teke inn i strategien.

I dette innspelet nyttast i staden høvet til å minne om at sjølv om vi kan tilby eit godt opplegg for stipendiatane, er det viktigaste grunnlaget for god forskaropplæring det fagmiljøet som stipendiatane i det daglege verkar i, kort sagt den forskingskulturen og -praksisen som rår på fakultetet. Det gjer det naturleg for ein strategiprosess som denne å tenke gjennom om der er trekk ved denne som strategien bør sette søkelyset på, med tanke på å sikre og styrke slike.

På det punktet er det kanskje rom for å utfordre strategiutkastet. Det heiter til dømes at det er eit delmål å «sikre at forskingsaktiviteten held høgt internasjonalt nivå». Punktet er eit døme på at strategiutkastet tidvis er for abstrakt og visjonsprega, og i for liten grad konkret retta mot å identifisere utviklingspotensialet som finst på vårt fakultet (som på alle andre fakultet) og finne tiltak for realisere det.

Som eit døme på det kan ein studere den nemnde formuleringa nærare. Formuleringa «sikre» kan det stillast spørsmål ved. Kor vidt det er rimeleg å omtale det slik at vi har nådd det målet på fakultetet, kan nok diskuterast (noko som òg krev ei avklaring av kva som reknast som høgt internasjonalt nivå i samanhengen). Formuleringa er i alle tilfelle lite inviterande for fakultetet til å utvikle seg vidare og ta ut meir av det openberre potensialet vi har for å verte betre. Det avspeglar i seg sjølv kanskje at vi ikkje er gode nok til kritisk sjølvrefleksjon og vilje til å sjå oss sjølve i korta, undersøke kva vi er gode på og kvar vi kjem til kort. Det er interessant å merke seg at i samband med forsking, vert uttrykket «kritisk» stort sett brukt i strategiutkastet om vår eksterne verksemd, ikkje vår eigen interne verksemd.

Den interne kritiske verksemda, både hjå den einskilde forskaren og i det forskarmiljøet som fakultetet som eit kollektiv er, er likevel essensielt for at vi skal ver(t)e gode. Det gjeld ikkje minst for forskarutdanninga. Som eg starta med: Sjølv om stipendiatane våre kan få gode verktøy gjennom forskarutdanninga vår, er kvaliteten på den breiare forskingskulturen og -praksisen ved fakultetet minst like viktig for kva nivå framtidige ph.d.-avhandlingar og forfattarane av dei, som ei avgjerande rekrutteringskjelde for førstestillingar, når.

I tråd med det, så er det altså grunn til å utfordre til dømes strategiutkastet si formulering om at vi skal «sikre at forskingsaktiviteten held høgt internasjonalt nivå», og spørje om det ikkje heller ville

vore betre å gått meir (sjølv)kritisk til verks og identifisere konkrete utfordringar og forbetringspunkt ved vårt fakultet, og nytta dei som utgangspunkt for å utforme meir konkrete målsetningar som vi som fakultet bør ha fokus på i strategiperioden.

For å halde fram fokuset på kritisk fagmiljø, og med utgangspunkt i forskaropplæringa vår, er det til dømes grunn for oss å spørje om vi er tilstrekkeleg gode til å skape arenaer for fagkritikk og dialog på fakultetet. Handterer vi godt til dømes endringstrekk som leier oss mot større fagleg oppdeling, mangel på tid til kollegial lesing, tekstgransking og oppmøte på viktige faglege aktivitetar som disputasar, og unnvikande haldning til faglege konfrontasjonar og kritikk, det siste i lys av at vi synes vere i ei samtid som lett fokuserer på krenkingsopplevingar? Med vond vilje kan ein til og med sjå formuleringa på s. 6 om at vi skal «arbeide for eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø tufta på dei akademiske ideala» som eit uttrykk for at vi allereie er negativt prega av slike utviklingstrekk. Det «gode og trygge» er framheva, «faglege høge krav og kritikk» er for sin del pakka bort i uttrykket «akademiske ideal».

Kanskje kjem vi då til at vi ikkje er tilstrekkeleg gode i så måte. Kanskje kjem vi til og med til at vi ser negative utviklingstrekk. Det siste vil i så fall bety at vi er i ferd med å svekke oss sjølve på eit heilt essensielt aspekt ved «høgt internasjonalt nivå». Det i sin tur har ikkje minst konsekvensar for korleis vi utdannar framtidige forskarar. Med ei slik utvikling kan vi ikkje over tid «gjennom master- og ph.d.- programma ... utdanne juristar og rettsforskarar med kunnskap og innsikt til å møte framtidas utfordringar, tilby vidare- og etterutdanning av høg kvalitet til juristar og andre, og drive rettsvitskapeleg forsking på høgt internasjonalt nivå», som det heiter i starten av strategiutkastet.

Då vil samstundes det å styrke den fagleg-kritiske kulturen på fakultetet vere ei svært viktig og mykje meir konkret og relevant målsetning for strategiperioden, som i sin tur kan konkretiserast vidare i form av aktuelle tiltak og prioriteringar for å oppnå det. Strategien vil då i seg sjølv òg vere meir informativ for kva som vi vil skal karakterisere vår verksemd, noko som i seg sjølv kan vere med på å motverke moglege negative tendensar som dei nemnte.

Valet mitt av dette dømet som illustrasjon av dette ønsket om meir fokus på spesifikke utviklingspunkt og meir konkrete tiltak for å nå dei, er såleis ikkje tilfeldig valt. Om vi kan styrke oss på dette området, vil det ikkje minst kome forskarutdanninga til gode: Lite, om noko, vil vere så verdifullt for vår forskarutdanning om kandidatane våre kjem til og får verke i eit fagleg miljø der vi er nysgjerrige på kvarandre sine synspunkt og standpunkt, byr på kritikk der noko ikkje står seg, og samstundes viser oss kapable til å gjere det på måtar og i meiningar som klart avspeglar at det er gjort i vår felles interesse av saman å nå eit fagmiljø med «høgt internasjonalt nivå» - altså kritikk på eit «godt og trygt» vis. Skal vi forvente av nye generasjonar at dei meistrar å vere forskarar i sann meining, må det fagmiljøet dei kjem til sjølv i kvardagen demonstrere dei dygdene som ein må ha for å vere det.

Mvh Jørn Jacobsen
Leiar for Ph.D.-programmet, Det juridiske fakultet, UiB