Hjem
Strategiarbeid - Det juridiske fakultet
INNSPILL STRATEGI

Merknader til strategiplan for Det juridiske fakultet 2023–2030 - Tore Lunde

Les innspill til strategiutskast for Det juridiske fakultet av professor Tore Lunde.

Tore Lunde
Professor Tore Lunde.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

1 Innleiing – generelle merknader

Eg viser til fakultetet sitt utkast til strategiplan for 2023–2030 som blei lagt fram og diskutert på Solstrandseminaret i januar 2023.

På det overordna og generelle nivået inneheld dokumentet mange positive ambisjonar og målsetjingar som det er lett å støtte. Etter mitt syn er likevel utkastet og retninga på utkastet, slik det ligg føre no, ikkje eigna som styringsdokument for den komande perioden, og må endrast vesentleg.

Grunnen er at utkastet på dei fleste punkt er altfor lite forpliktande, som konsekvens av at det ikkje inneheld konkretiserte prioriteringar innanfor definerte tidsrammer. Ut frå “hearsay” på Solstrand er noko av forklaringa at det seinare skal utarbeidast handlingsplanar med nærare konkretiseringar. Dersom dette stemmer, er det i tilfelle ein uheldig framgongsmåte. Vi er allereie inne i strategiperioden, og det vil naturleg nok framleis ta noko tid før strategidokumentet er vedteke. Separate handlingsplanar vil føre til ytterlegare utsetjing, og minner litt om prosessen i førre strategiplanperiode, der ein – så vidt eg hugsar – var kome omtrent midtvegs i strategiperioden, utan at handlingsplanar låg føre.

Det bør derfor vere eit mål at strategi-/styringsdokumentet også inneheld så konkretiserte handlings-/tiltaksplanar som råd er, og som er på plass samtidig som strategien vert vedteken.

For å konkretisere innvendingane som nemnt, skal eg i det følgjande peike på nokre få døme henta frå hovudpunkta utdanning, forsking og organisasjon, for å synleggjere behovet for konkretisering:

2 Utdanning

• s. 2 nederst: “... viktig å sikre mangfald i student og forskarrekrutteringa. Fakultetet ser behov for tiltak på ei rekke ulike nivå for å realisere målet om større mangfald, og vil arbeide målretta for dette”. (omtrent det same står i kulepunkt 7 på side 5)

Kommentar:
Fakultetet må tydelegare skildre kva manglande mangfald består i, og gjere konkret greie for kva “tiltak på ei rekke ulike nivå” skal gå ut på, og med tydelege tidsrammer for dei ulike tiltaka.

*“tilby eit studium med klar indre samanheng og fagleg-metodisk progresjon”

Kommentar:

Vi har nyleg gjennomført ei studiereform, som framleis er under utvikling. Det uklart for meg om og eventuelt korleis målet om klar indre samanheng og fagleg-metodisik progresjon er sikra i inneverande studiereform, og i tilfelle kva som eventuelt manglar.

Det må tydeleggjerast kva for tiltak fakultetet meiner må til for å oppnå målet, om det gjeld alle 5 studieåra osv.

* “vere best på å integrere internasjonale dimensjonar i undervisningsverksemda”

Kommentar:

Behov for å konkretisere kva som eventuelt manglar i dagens undervisning når det gjeld internasjonale dimensjonar.

Målet om å vere best – kva måler vi dette mot?

* "gi studentar fleire sjansar til å prøve eigne føresetnader for ulike juridiske profesjonsval og gjere dei meir medvitne om den mangfaldige arbeidslivsrelevansen av studiet”.

Kommentar:
Kva for konkret tiltak kan dette dreie seg om? Institusjonaliserte praksisperiodar? Korleis skal eventuelle slike periodar passast inn i noverande studiemodell?

* “inkludere internasjonale studentar i aktivitetar på campus og skape fleire gode og faglege sosiale møteplassar mellom ulike studentgrupper”

Kommentar:
Kva type aktivitetar ser ein for seg?
Kven skal ha til oppgåve å arrangere ulike aktivitetar? § Frekvens for slike aktivitetar?

* “legge til rette for og oppfordre studentar til å nytte rettsvitskapleg innsikt til nytenking og innovasjon”

Kommentar:

Det er uklart kva ein siktar til med formuleringa “nytte rettsvitskapleg innsikt til nytenking og innovasjon”.

I kva for konkrete undervisningssituasjonar ser fakultetet for seg at einskal drive med slik aktivitet?

3 Forsking

På side 4 er uttalt at fakultetet vil ha “særleg fokus på satsningsområdet klima og energiomstilling”, mens det seinare vert peika på “fire rettsfelt av ulik karakter som peikar seg ut som satsningsfelt der det trengst meir forsking” – her vert det vist til EU- /EØS-rett (særleg trygde-, utlendings- og arbeidsrettslovgivning), rettsstatleg og rettsteoretisk grunnforskning, klima- og energirettsleg forsking, samt det skatterettslege miljøet. Det går fram at “fakultet vill vidareutvikle og styrke desse miljøa”. Det er i tillegg uttalt at “fakultetet vil legge til rette for at det formuerettslege forskningsmiljøet kan utvikle seg og vekse”.

Kommentar:
Strategidokumentet må langt klarare beskrive kva ei slik vidareutvikling og styrking av desse miljøa er tenkt å bestå i.

Korleis skal fakultetet prioritere mellom desse 4-5 ulike områda når det kjem til fordeling av knappe ressursar?

Kva konkrete tiltak er tenkt sett i verk for å utvikle det formuerettslege miljøet?

* “legge til rette for at spesialemneporteføljen skal knytast til pågåande forskingsaktivitetar”

Kommentar:
Korleis er dette tenkt organisert og tilpassa undervisningsplanlegging, eksamensavvikling og undervisningsregnskap?

* “finansiere ein større del av forskinga med eksterne midlar”

Kommentar:
Har fakultetet klare måltal for forholdet mellom basisfinansering ogekstern finansiering?

Ligg det i strategien tydelege føringar om graden av frikjøp for forskarar som oppnår ekstern finansiering? Per i dag er frikjøp-komponenten å liten at insentiva til å søke eksternfinansiering er nesten fråverande. Etter mitt syn må fakultetet har ein langt tydelegare kommunikasjon rundt dette med frikjøp og godskriving av tid for at det skal vere freistande for faste tilsette å søke ekstern finansiering.

* “legge prioriteringane i strategiplanen til grunn for fordeling ved konkurranse om stillingar, driftsmidlar og andre forskingsressursar.

Kommentar:
Punktet krev at strategidokumentet faktisk inneheld tydelege prioriteringar som nemnt, noko eg ikkje kan sjå er tilfelle.

4 Organisasjon

• “verne om tida dei vitskaplege tilsette har til forsking og sørge for god balanse mellom forskingstid og undervisningsaktivitetar”

Kommentar:
Målet er flott, men ligg langt unna det som er kvardagen for tilsette i faste stillingar. Dette er også god kjent for fakultetet, seinast i samband med den svært beskjedne justeringa av omrekningsnøklar for emneansvarleg som vart vedteke før jul. I realiteten er denne endringa ei ytterlegare forverring av balansen mellom forsking og undervisning, som konsekvens av målet om minst to emneansvarlege på kvart emne, og som må fordele timetalet mellom seg.

Tek strategiplanen sikte på å forbetre dette? Vil det til dømes bli gjort tiltak med sikte på at tilsette, som tidlegare, kunne undervise intensivt i kortare tidsbolkar, for på den måten å kunne sikre samanhengande tid til forsking?