Hjem
Klima og energiomstilling
Energimasteroppgåver

Havvind, hydrogen, vasskraft og solceller

Mange av årets energimasteroppgåver tek opp praktiske problemstillingar innan havvind, industriell hydrogenbruk, solcelleteknologi og optimal drift av vasskraftanlegg.

Supplybåt og Hywind Tampen vindturbiner i Sløvåg
Foto/ill.:
Kristin Guldbrandsen Frøysa

Hovedinnhold

Årets energimasterstudentar har levert oppgåvene sine og har fullført ei femårig energiutdanning.

Studentane har brukt eit år (60 studiepoeng) på masteroppgåva, og dei har dermed kunna fordjupa seg i forskingstemaet sitt.

Mange av oppgavene har eit tydelig praktisk bruksområde og nokon har samarbeidd med bedrifter. Blant annet har det vore samarbeidsoppgåver med INEOS i Tyssedal og NorSun i Årdal.

Hovedtyngda av årets energistudentar har fagbakgrunn frå informatikk, fysikk og geofysikk.

Ein del av masteroppgåvene er offentleg tilgjengelege i BORA.